Publisert: 05. november 2025 | Sist endra: 05. november 2025 | Forfatter: Elin Aanestad

INVITASJON til foreldretreff for 7.trinn

Til føresette med barn på 7. trinn på Bryne og Hognestad

Foreldretreff om sosialt samspel



Mot slutten av barneskulen dukkar det ofte opp nye problemstillingar knytt til barns

sjølvforståing og sosiale samspel med kvarandre. Korleis kan du som forelder forstå barnet

ditt i denne perioden?

Kva kan vaksne gjere når det oppstår sosiale utfordringar i ei gruppe, som til dømes konfliktar, krangling

eller utestenging? Korleis kan foreldregruppa saman bidra til å skape eit inkluderande miljø?

Målet med dette foredraget er:

• At du skal sitje igjen med konkrete verktøy for å få til god kommunikasjon med barnet ditt.

• At de som foreldregruppe skal reflektere over korleis de kan samarbeide med kvarandre for å skape

eit inkluderande miljø.



Alle føresette bør få med seg dette føredraget i Sterk&Klar. I etterkant av føredraget blir det lagt opp til at

foreldregruppa kan snakke om tematikken. Dette er ein god moglegheit til å bli kjend med dei andre foreldra

og prate om foreldrerolla, klasse- og oppvekstmiljø, og overgangen til ungdomsskulen.

Roy Henning Aanestad er ein dyktig formidlar, som engasjerer publikum med sine erfaringar og sin humor.

Han har god kjennskap til førebyggande arbeid etter mange år som politibetjent, og har mange gode råd til

foreldre.

HVOR OG NÅR: BRYNE SKULE AULA – TYSDAG 18. NOVEMBER KL. 18.00- CA 19.30

Meld deg på treffet her i vedlagt lenke.Påmelding



Velkommen!

TREFFET BLIR ARRANGERT AV SKOLEN OG FAU I SAMARBEID MED STERK&KLAR