Publisert: 07. mai 2026 | Sist endra: 07. mai 2026 | Forfatter: Gunn Rita Fisketjønn
17. mai på Bryne skule 2026

Foreldrekontaktane sørger for at det går minst to vaksne saman med kvar klasse.
Desse må møte på stadion kl. 09.00. Trinnfanene kan hentast utanfor
administrasjonen på Bryne skule (inngang A) 12. - 13. mai (kl. 07.20-15.00) eller før
barnetoget på 17. mai (kl. 08.30-09.25). Fanene skal setjast på plass etterpå, døra
er då open kl. 10.30-11.00.
Føresette på 3. trinn skal levera mat og kaffi/te mellom kl. 08.30 og 09.15. Alle i
3A og gutane i 3B leverer maten i gangen i sørbygget, medan jentene i 3B og alle i
3C leverer maten i gymsalen (eiga melding er sendt ut).
Føresette på 6. trinn gjer alt klart til feiring på skulen 16. mai og går direkte til
stasjonane sine etter barnetoget på 17. mai (eiga melding er sendt ut).
FAU ved Bryne skule arrangerer, tradisjonen tru, 17. mai-feiring
med leiker, sal av kaker, pølser, is og brus. Kl. 12.00 blir det
fotballkamp mellom barn og føresette på 7. trinn.
Arrangementet startar like etter barnetoget og varer til kl. 13.00.
NB! Betaling for mat og aktivitetar skjer gjennom kontantar eller
VIPPS.
Me håper på stort frammøte av feststemte og glade folk!
Alle er velkomne!
Helsing
FAU og skulen