Publisert: 24. september 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Mona F. Bjaanes

Potetveka på SFO

Sist veke hadde me fokus på poteta i samband med Potetfestivalen på Bryne. Dette har etter kvart blitt ein kjekk tradisjon på SFO. Gjennom veka har barna fått vere med på mange spanande og kreative aktivitetar knytte til poteta.
Me laga kreative og morosame potetdyr, hadde Matjungel-aktivitetar med potet , og arrangerte vår eiga festivaldag med ulike aktivitetar. Barna viste stort engasjement.
Det vart ei innhaldsrik og kjekk veke med mykje leik, læring. 🥔😊