Publisert: 13. oktober 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Mona F. Bjaanes

Haustferien i SFO

Ein kjekk haustferie på SFO er over!
Me har hatt nokre flotte dagar med mykje leik, gode aktivitetar. Barna har kosa seg med Tarzanløype i gymsalen, spikking med kniv og grilling av pølser på bålet med eigne grillpinnar.
Me har òg laga slim, hatt pysjamasfest og leika saman. Det har vore mykje latter, glede og godt fellesskap gjennom heile veka.
Maten har òg vore populær. Barna har fått kose seg med havregraut, pizza, taco og grillpølser.
Tusen takk for nokre fine dagar saman med dei flotte barna dykkar. Me set stor pris på all glede, energi og dei gode stundene me får dela med dei kvar dag. 🍂😊