Publisert: 20. oktober 2026 | Sist endra: 20. oktober 2026 | Forfatter: Dorthea Aase Martinsen

Statsministeren på besøk på Bryne skule

Torsdag 15.oktober rulla det ein lang, flott bil inn i skulegarden. Spenninga var til å ta og føle på. "Ja, vi elsker" runga ut blant dei yngste elevane på impuls. Nokre hadde med seg norske flag og andre hadde teikna plakatar dei haldt. Småtrinnet visste nemleg at inni bilen sat Noregs statsministar, Jonas Gahr Støre. Då statsministaren kom ut av bilen, blei han møtt av vill applaus og velkomstrop. Statsministaren tok seg god tid til å helsa på elevane og gjera "high five" med dei. 

Marie og Emrik ønska Støre velkommen og førte han inn i aulaen. Mellomtrinnet var samla i aulaen til eit slags talkshow om lesing, med statsministaren som gjest. Det var elevrådsrepresentantane Marie og Emrik som leia showet. Dei hadde planlagt mange interessante og gode spørsmål til den staselege gjesten. Statsministaren svarte grundig og godt for seg. Han sette fokus på kor viktig det var for han å lesa for eigne barn og barnebarn, og at me alle saman trong å trena opp lesekondisen vår, det å tola å lesa lengre og meir utfordrande tekstar over tid. 

Etter denne seansen fekk statsministaren besøke to klasserom medan dei arbeida med lesing, både på 5.trinn og 6.trinn. Støre blei forklart av elevane kva dei jobba med akkurat då, og kvifor det var viktig å øve på lesing. Statsministaren var glad og imponert over å sjå kva elevane arbeidde med og kor godt dei kunne reflektere rundt viktigheten av lesing. 

Bakgrunnen for besøket var regjeringa sitt fokus på leseutviklinga i Noreg og Erling Braut Håland sin lesekonkurranse.