Klage på standpunktkarakterer

Elever og foresatte til elever under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag, dersom de mener at gjeldende regler for fastsetting av standpunktkarakter ikke er fulgt  (opplæringsforskriften § 9-16). Klagen sendes direkte til skolen v/rektor. 

§ 9-16.Standpunktkarakterar i fag
Standpunktkarakterar skal vere eit uttrykk for den samla kompetansen elevane har ved avslutninga av opplæringa. Standpunktkarakterar skal setjast i samsvar med § 9-1.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane er kjende med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av standpunktkarakterane. Elevane skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetansen som elevane har vist i den tida dei har fått opplæring, skal takast med i vurderinga når standpunktkarakterane skal fastsetjast.
Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.
Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen held den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet på utdanningsprogrammet.

Kilde: lovdata.no