Onsdag denne veka var heile skulen på framsyning i mediateket. Då fekk me besøk av DKS (den kulturelle skulesekken) som hadde framsyninga «To Ulver» for oss. Artistane Taro og Beatur hadde ei oppvisning som inneheldt beatbox, live looping, poesi, rap og forteljarkunst.