Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Helsesjukepleiar

SKULEHELSETENESTA FOR 2022/2023

Skulehelsetenesta skal arbeida for å

- fremma eleven si psykiske og fysiske helse
- fremma gode sosiale og miljømessige forhold
- førebygga sjukdom og skade  

I samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon. Helsesjukepleiar er med i tverrfagleg ressursteam på skulen. Foreldre og elevar kan ta direkte kontakt med helsesjukepleiar.        

Kva kan du snakka med helsesjukepleiar om?  

Du kan snakke med oss om «alt» som tristhet, engstelse, bekymringer, vonde opplevelser (som sjukdom, dødsfall i familien), spørsmål om kroppen, stress, mobbing, vold, utfordringer på skulen, kostveiledning, spisevansker, problemer heime, seksualitet, pubertet, rus, snus, røyk, fysisk og psykisk helse, kronisk sykdom, trening osv. Helsesjukepleiar har teieplikt. Ta gjerne med ein venn om du synest det er vanskeleg å koma aleine.    

Plan for skulehelsetenesta  

8.trinn:             
Helseopplysningsskjema vert delt ut til både elev og foreldre.
Individuelle samtalar med alle elevar med utgangspunkt i helseopplysningsskjema.
Måling av høgde og vekt.  

9.trinn             
Samtalar og oppfølging av elevar ved behov.                          
Klasseundervisning om psykisk helse.  

10.trinn           
Boostrix-polio vaksine (difteri, stivkrampe, kikhoste og polio).  
Informasjon- og samtykkeskjema vert sendt med elevane heim før vaksinering.                          
Grupper med tema kjærleik, seksualitet og eigne grenser på Helsestasjon for ungdom, ca. 2,5 timar.
Temadag på skulen med besøk frå helsesjukepleiar, politi, jordmor, Amathea, LLH/ Skeiv ungdom.                                                                                                                                            

Skulehelsetenesta har kontor på Bryne ungdomsskule, v/biblioteket.
Kontortid: Mandag kl. 08.30-12.00, tirsdag, onsdag og torsdag kl. 08.00 - 14.00. Fredag i partalsveker kl. 08.00 - 14.00.

 

 


Siri Stueland
Helsejukepleiar
Måndag kl. 08.00 - 12.00, tysdag og onsdag kl. 08.00 - 14.00
51776456
Ane Vagle Lindtjørn
Helsesjukepleiar
Torsdag kl. 08.00 - 14.00, Fredag i partalsveker kl. 08.00 - 14.00
51776456