Meny
Velg seksjon Barnehagen
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Grunna endringar i smittevernrettleiarane for barnehage og barneskole/SFO, er tidlegare skriv med råd knytt til tolking av retningslinene ved sjukdom i barnehage og barneskole nå utdaterte.  

 


Smittevernlegen i Stavanger kommune minner foreldre om at barn, sjølv med milde luftveissymptom og sjukdomskjensle, ikkje skal leverast i barnehagen eller skule. Dei skal haldast heime til dei har vore symptomfrie i 1 døgn.

Dette betyr at dersom barn får rennande nase, hoste, sår hals, feber eller andre teikn til sjukdom, må dei bli heime til dei her heilt friske, pluss eitt døgn.

Alle barn skal vere friske før dei kan komme tilbake til barnehagen og skule igjen. Kun ved langvarige lette symptom etter full tilfrisking, kan fastlege vurdere om barnet kan gå i barnehagen eller på skulen. I desse tilfella bør det føreligge legeerklæring frå fastlege, med fagleg vurdering om at barnet kan komme tilbake til skule eller barnehage.  

Får barnet ditt forkjølelsessymptom, ta kontakt fastlegen din for å vurdere koronatest. Sjølv ved negativ test, skal barnet haldast heime til og med ein dag etter at barnet er fri for symptom. I desse dagar er det viktig å teste for koronavirus ved symptom, samt hindre spreiing av forkjølelsesvirus, for å halde kontroll på smittesituasjonen i samfunnet.    

Smittevernavdelinga, Stavanger kommune


Regjeringen kom i går med en pressemelding med utgangspunkt i at det nå er lite smittespredning i landet. Dette gjør at en hel avdeling i barnehagen og en hel skoleklasse kan være én kohort.

Et nytt system med rødt, gult og grønt lys skal avgjøre hvilke smitteverntiltak som gjelder i barnehage og skole. Trafikklysmodellen skal gjøre det enklere å gjennomføre barnehage- og skolehverdagen, samtidig som smittevernet ivaretas.  

Fredag ettermiddag kommer det en ny smittevernveileder for barnehager og skoler som tar utgangspunkt i det nye systemet.  Smittevern i Stavanger vil på bakgrunn av føringene i trafikklysmodellen vurdere hvilket nivå som skal gjelde for Stavanger. 

Barnehagene og skolene vil i løpet av neste uke (23) gi nærmere informasjon om praktiske endringer som følge av det nye systemet.  


Frå måndag 18. mai har barnehagen ope 8 timar kvar dag, frå kl. 08:00 - 16:00. Barna skal hentast og leverast innafor denne tida.

Vi vurderer opningstida i barnehagen kontinuerleg. Opningstida er bestemt ut frå ei kartlegging av behovet til foreldra i den enkelte barnehage og vil derfor kunne variere noko mellom dei ulike barnehagane i kommunen.

Barnehagen er framleis avhengig av eit godt samarbeid med foreldra for å sikre at levering og henting føregår på ein god måte.   

Barn som har foreldre med samfunnskritiske funksjonar og barn med særlege behov, vil framleis kunne få tilbod innafor det som er opningstid i normaldrift, t.d. 07.30 – 16.30. Nå når barnehagane har ope i åtte timar blir det understreka at eit utvida tilbod berre skal gis ved behov. 

 

 


Frå måndag 18.mai auker stavangerbarnehagane opningstida si.

Alle barnehagane skal nå halde ope i minimum åtte timar. Vi kjem tilbake til det konkrete tidsrommet barnehagen har ope på Fogn. 

Med nåverande smittevernreglar vil dette tilbodet gjelda ut barnehageåret.

Barnehagane er avhengig av eit godt samarbeid med foreldregruppa for å avgrense tal på barn i ytterkant på dagane og for å få til ein god og trygg hente- og bringesituasjon. Barn av foreldre med samfunnskritiske funksjonar og barn med særlege behov vil framleis ha høve for eit tilbod innafor det som er opningstid i normaldrift, f.eks. 07.30 – 16.30. Nå når barnehagane er opne i åtte timar er det understreka at eit utvida tilbodet kun gis ved behov.