Meny
Velg seksjon 7. klasse
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Den siste perioden har vi fått 2 nye elevar i 7.klasse. Dette er vi svært glade for.

7. klasse er nå ei stor gruppe på 14 elevar, samstundes som 5.-6.klasse ei lita gruppe på 6 elevar.  

Både den store gruppa og den lille gruppa gir oss utfordringar i enkelte fag, særleg når det gjeld rom og kapasitet, td. kroppsøving, mat&helse og kunst&håndtverk. Ved å slå saman elevane i 5.-7.klasse og dele dei to, får vi to like store grupper med 10 elevar i kvar gruppe. 

Ordninga vil berre gjelde i enkelte fag/timar. Vi vil prøve ut denne organiseringa i ein periode, og vi kjem også til å gjere endringar undervegs dersom det blir nødvendig.  

 

Elevane i 5.- 7.klasse får utdelt ny timeplan på fredag som gjeld frå måndag 20. januar, og i ein periode framover.

 

Vi trur dette kan bli kjekt. Vi håper også at organiseringa blir bra for elevane, både når det gjeld opplæring i faga og det sosiale miljøet på skulen. 


Neste veke startar KOM-prosjektet 2020, der alle 7.klassingane i det som var Finnøy kommune, er inviterte.

I løpet av to dagar skal elevane bli kjende med musikalen som skal setjast opp, og ikkje minst - bli betre kjende med kvarandre. Elevene får tildelt roller i oppsetninga som skodespelarar, musikarar, teknikarar lys/lyd, kulissearbeid m.m.. Vi jobbar måndag og tyrsdag frå kl. 8:50-14.30 med base i Kulturstova på sentralskulen. Elevane treng ikkje ta med seg noko anna enn niste, vatnflaske og godt humør. Elevar som skal spele i bandet og som treng å ha med eige instrument, vil få beskjed. 

I tillegg til desse to dagane, skal heile veke 11 brukast til å øva, samt førestillingar. 

Elevane frå Fogn reiser med skuleskyssen til og frå Fogn. Vi ønsker alle elevane ein flott Kick-off!  


I dag har 5.-7.klasse vore ute i skogen og henta juletre til skulen. 

Vi er nå i gang med juleverkstad på Fogn oppvekstsenter. Her er nokre glimt frå i dag. 

Desember er ein travel, men kjekk månad på oppvekstsenteret. Her kjem ein oversikt over kva som skjer i barnehage og skule nå før jul.