Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Om sosiallærartenesta

Eg er utdanna barnevernspedagog med vidareutdanning i spesialpedagogikkog er på skulen i denne tida:         

Måndag: 08.15 – 15.30
Tysdag: 08.15 – 15.30
Torsdag: 08.15 – 14.00
Fredag: 08.15 – 13.00

Eg kan treffast på telefon 51700201 (skulekontor). Om eg er opptatt vil eg ringe opp så snart eg får tid. E-post: kpe@forsand.kommune.no

Til elevar: Eg er her for deg! Treng du nokon som har ekstra tid til å lytte til deg, sjå deg, hjelpe og støtte deg til å få ein betre kvardag kan me avtale ei tid. For å kontakte meg kan du få hjelp av ein vaksen heime eller ein vaksen på skulen.  

Barn og unge har mange tankar om mykje, og det er aldri noko som er for dumt å snakke om. Målet er at alle skal ha det bra på skulen, og om eg kan hjelpe deg med dette så vil eg gjerne det!  

Til føresette: Som sosiallærar kan eg vere med å hjelpe og styrke i ulike utfordringar barn og unge kan ha. Døme på dette kan vera å styrke den sosiale kompetansen, sjølvbilete/sjølvkjensla, strategiar for sinne/aggresjon og andre ting barn og unge kan møte av utfordringar i kvardagen.

Eg er og instruktør for Olweus her på skulen. Det vil sei at eg vil kunne hjelpe om det er spørsmål om mobbing og korleis ein går fram i høve til dette.