Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Rådgjevar

 

Kva er rådgjevar på Forsand skule si rolle, kven kan bruka tenesta, kva gjer ein rådgjevar, korleis kan ein ta kontakt ? Alle desse spørsmåla skal eg prøva å svara på nedanfor slik at de som elevar eller føresette veit kva jobben til rådgjevar går ut på.

Som ei styrking og satsing frå departementet og regjeringa vart det lagt fram forslag til styrka rådgjeving i skulen frå 2006. Dette forslaget hadde utgangspunkt i at det var så stort fråfall blant elevane på vidaregåande skule, noko som førte til mykje omval og "drop out".

Fylkeskommunane saman med departementet starta eit nasjonalt prosjekt for å få til felles innsøkingssider til VGS, betre informasjon om kva skular ein har i fylka, kven som tilbyr kva for fag, kva faga inneber o.s.v. I tillegg starta ein med vidareutdanning for lærarar eller andre som innehar rettleiar/rådgjevarrolle for å ha ei felles forståing for kva arbeid ein skal driva opp mot ungdommar og andre som har bruk for slik teneste.

Rådgjevar på Forsand skule si rolle er å driva utstrekt rådgjeving på heile u-trinnet, men og å bistå lenger ned i klassane dersom det er bruk for meg. I praksis tyder dette at eg går inn med 10 timar i 8.klasse om våren, 10 timar vår og haust i 9.klasse, og 10 timar hausten i 10.klasse. I tillegg har 10.klasse individuelle økter før 01.03. kvar vår før innsøkning til VGS.

Gjennom heile ungdomsskulen vil ein halda fokus på; kven er eg, kva er eg god til, kva gode eigenskaper har eg, kva treng eg eventuelt å arbeida meir med, med andre ord arbeid med sjølvinnsikt og kva ligg det framføre meg om 3,6,10 år f.eks.

For at ikkje alt skal verta bare teori har me her på skulen valt å la elevane hospitera på vidaregåande skular i 9. og 10. klasse. I 9. klasse har dei ein dag på Strand VGS om våren der halve dagen går til teori/strudieførebuande fag, andre halvdel er dei på praktisk retta utdanningar. Etter dette skal dei velga ein arbeidsplass ( Praktisk Retta Yrkesopplæring, PRYO) som er knytta opp mot ein av retningane dei hadde i hospiteringa og arbeida der i 3 dagar. Det same gjeld 10.klasse med unntak av at dei har 2 dagar hospitering på hausten i 10.klasse, og 3 dagar PRYO kort tid etterpå.

I tillegg til desse tinga arbeider rådgjevar og med samarbeid med PPT, andre skular og rådgjeverar om forskjellege prosjekt og korleis best klargjer elevane til å ta dei rette vala for framtida.

På vår skule er tenesta for alle elevane på skulen, sjølv om det nok er u-trinnet som nyttar den mest. Rådgjevar kan kontaktast på ukk@forsand.kommune.no eller telefon 51 70 02 21 (kontordag kvar torsdag 08.00.- 14.00.) dersom du lurer på noko.

Eg legg ut forskjelleg info til elevane om open skuledag, yrkesmesser etc i tillegg til ranselpost, så sjekk at de alltid har den informasjonen de treng.

Udda Kjærvoll

Rådgjevar