Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
"Ver raus" i 3. klasse

3. klasse har verkeleg vore rause desse to dagane me har jobba med verdsdagen for psykisk helse.

Det har vore mykje alvor, men også mykje lått og løye.

Torsdag markerte me verdsdagen for psykisk helse ved skulen vår, saman med mange andre skuler i heile verda.

I 3. klasse tok me utgangspunkt i Kathrine Aspaas, forfattar av boka "Raushetens tid", sin tekst om kva det vil seia å vera raus.

“Raushet er å unne andre suksess.

Raushet er å våge åpenhet.

Raushet er å lytte til andre.

Raushet er å våge å feile.

Raushet er å tillate andre å feile.

Raushet er å hjelpe andre.

Raushet er å ta et skritt tilbake før vi dømmer andre.

Raushet er å tilgi oss selv – og andre.

Raushet er å konfrontere med vennlighet.

Raushet er å sette grenser med vennlighet.

Raushet er å takke vennlig nei til det som ikke gir oss glede.”

 

Me fekk gode diskusjonar og reflekterte mykje over desse utsegnene.

Elevane fekk velja ei av utsegnene og illustrerte dei med fantastiske teikningar.

 

Me har også fletta venskapsarmband. Alle fletta kvar sitt. På fredag trakk me ut kven kvar einskild skulle gi armbandet sitt til. Kvar elev skreiv eit fint kort kor dei fortalde kvifor mottakaren skulle få armbandet. Til slutt gjekk me ein og ein og las opp kortet til mottakaren, ga han eller ho armbandet og så ga me kvarandre ein god klem.

Fantastiske dagar for store og små i klassen!

Main Image
Bilete 1 av 19