Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Sjur Atle Kleppa
Gå til Google Classroom
Kartleggingsprøvar våren 2020

På Forsand skule bruker vi kvart år kartleggingsprøver i lesing, rekning, engelsk og digitale ferdigheiter. Kartleggingsprøvane er i 1.-4. klasse og blir gjennomført i perioden 9. mars til 3. april.

Under formålet med kartleggingsprøvane kan du lese hva Utdanningsforbundet skriv, eller kan du lese meir om prøvane med å følgje lenka her.

Kva bruker vi resultata til på skulen vår?

Vi ønsker å hjelpe elevane så tidleg som mogleg. Ser vi at elevar presterer på eller under det som blir kalla "bekymringsgrensa", skal eleven og heimen bli kontakta og tiltak bli sett i gang.Vi opplever at vi hjelper eleven best i samarbeid med heimen. Det kan vere tiltak som å lese litt ekstra, øve på bestemte områder i matematikk, trene på ulike program eller delta på intensiv opplæring innan lesing og rekning. I alle tiltaka ser vi kor viktig det er å trene både på skulen og heime. Tiltak avtalast gjerne via ein telefon/møte med heimen. Når eleven får ekstra hjelp, ser vi også korleis heimen er med og forsterkar eleven sin motivasjon med å hjelpe eleven heime og med å omtale hjelpetiltaket positivt. Det er også å anbefale at begge føresette, anten samtidig  eller på skift, hjelper eleven med denne ekstra treninga. 

Har du spørsmål om kartleggingsprøvane? Ta kontakt med klassestyrar eller ein av oss. Med det ønsker vi alle lykke til på kartleggingsprøvane og med oppfølginga av dei.

Monica Helgøy, rektor. Maj-Lis Vatland, spes.ped-koordinator.

Utdanningsdirektoratet om "Formålet med kartleggingsprøvene"

Kartleggingsprøvene i lesing, rekning, engelsk og digitale ferdigheiter på 1.-4. trinn, er laga for å finne elevar som treng ekstra oppfølging. Det er viktig at desse elevane bli sett  tidlig i løpet slik at dei kan få tilbod om den tilrettelegginga dei har krav på. Kartleggingsorøvene er dermed også eit verktøy for å hindre at  elear fell frå seinare i opplæringsløpet. Resultata frå prøvene gir berre informasjon om elevar som er rundt eller under ei definert bekymringsgrense. Kartleggingsprøvene består av mange lette oppgåver. Derfor gir prøvene lite informasjon om elevane som får til alle eller nesten alle oppgåvene. Elevar som har alt rett eller nesten alt rett, er ikkje nødvendigvis spesielt flinke elevar. Derimot treng elevane som hamnar under bekymringsgrensa, ekstra tilrettelegging.