Meny
Velg seksjon Framside
Espedalsvegen 156 4110 Forsand Vis på kart
Telefon: 51700201 Send e-post til oss
Redaktør: Arvid Strand
Gå til Google Classroom
Raudt smittevern frå i dag

Informasjon om konsekvensar om raudt smittevernnivå.

Konsekvensar raudt smittevernsnivå:
Forsand skule har blitt satt på raudt smittevernsnivå frå i dag, fram til 18.01.21. Det inneber at dei vaksne må begrensa kor mange kohortar dei vekslar mellom. Det medfører at nokre klassar får andre vaksne i enkelte fag, og at nokre t-timar ikkje blir gjennomført. Elevane forsett i sin kohort som før. Skulen prøver i størst mogleg grad å ha så normal skulekvardag som me greier. Snakk gjerne med barna om viktigheita av å følge instruksjonane! Skulen har heldigvis god plass både inne og ute, og dermed dei beste føresetnadane for å komme godt ut av situasjonen.

Skuleskyss
Kolumbus informerer om at det er dei som har rett til skuleskyss som har fortrinnsrett i skulebussen. Skulen oppmodar alle føresette som har anledning, til å køyre/hente elevane. Det er og påbudt med munnbind på offentleg transport for ungdomstrinnselevar og oppover. Alle skulebussane våre er å rekne som offentlege. link frå Udir: "Elever og foreldre må selv skaffe og dekke utgifter til bruk av munnbind. Dette regnes som individuelt utstyr på samme måte som klær og liknende." Skulen har i dag likevel delt ut 2 munnbind til kvar u-trinnselev som tar buss, for å sikre bussturen, og vil kunne dele ut til dei som ikkje har.

Ved koronasmitte eller karantene
Viss det oppstår smitte eller karantene for elevar, bes melding sendt til klassestyrar, som vidare informerer meg.

 

Venleg helsing konstituert rektor Ellen Stangebye Barka