Meny
Velg seksjon Framside
Viervegen 10 4351 KLEPPE
Telefon: 51789300 Send e-post til oss
Redaktør: Sylvia Gjersdal
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Foreldretiltak mot mobbing

Kleppe skule er med på regjeringa sitt initiativ "Partnarskap mot mobbing". Her vert skule, elevar, FAU og foreldre oppmoda til å delta i ein stor nasjonal dugnad for å redusera mobbing blant barn og unge. FAU Kleppe skule har ei førebels liste over enkle kvardagstiltak me kan gjere, og som me trur kan hjelpe. Dette arbeidet kjem til å halda fram, men her er litt å starta med!

Foreldretiltak mot mobbing

1. Foreldre er klassekontaktar i alle klassar, og dei arbeider for sosial kontakt og trivsel i klassane mellom alle elevane. Sosiale kveldar som spelkveld, skøytekveld, julegraut, påskefrukost, sommaravslutning etc.

2. Heimegrupper på dei yngste stega slik at elevane skal bli kjent også med dei dei ikkje har så mykje med til dagleg. FAU meiner at alle foreldre må ta ansvar for dette, slik at heimegrupper går føre andre fritidsaktivitetar som t.d. fotball og speidar. Alle bør inviterer, alle bør møte. Det kan sjølvsagt vere gyldige unntak, men dette bør vere hovudregel.

3. Foreldre deltek aktivt i fritidsaktivitetar for barna, t.d. speidarleiar, fotballtrenar osb.

4. Foreldrearbeidet til klassekontaktane vert koordinert gjennom FAU.  

«Foreldre-reglar»

A. Me pratar fint om og til andre elevar, familiar, lærarar og skulen generelt som barna høyrer. Det er viktig at barna har godt og positivt syn på andre barn, familiar og skulen generelt. Då aukar trivsel og sjansen for mobbing vert redusert. Ingen mobbar dei dei liker og har eit godt forhold til. Er det noko du reagerer på, ta det opp med skulen eller foreldra til den det gjeld. Me kjem lengst med god dialog.

B. Me inviterer alle i klassen i selskap, t.d. alle eller alle av same kjønn. Alle som vert invitert møter. Det er vondt og trist om ein elev ikkje vert invitert. Sjølv om ein elev ikkje pleier å kome, så bør alle inviterast uansett. Å verte utestengt eller gløymt er svært vondt for den det gjeld. Når ein inviterer til selskap, er det sjølvsagt at alle møter. Det er vondt for den som inviterer om gjester ikkje møter opp utan å gje beskjed.

C. Skulearrangement går føre fritidstilbod. Når skulen eller klassekontaktane arrangerer noko for elevane, så deltek alle. Dette gjeld førestillingar, spelekveldar, skøytekveldar eller kva det måtte vere. Det er viktig å vere i lag utanom vanlege skuleaktivitetar. Trening og andre fritidsaktivitetar går ein på jamleg. Då har ein «råd» til å gje beskjed at ein ikkje kjem fordi skulen har eit arrangement desse få gongene.

D. Me skal skryte av barna, eigne og andre, når dei gjer noko bra for andre Dette vil lære dei å gje gode tilbakemeldingar til andre, t.d. medelevar. Med å legge vekt på det som er positivt, vert det som er negativt ikkje så viktig.

E. Me skal vere rollemodellar, vere positive til andre barn og familiane deira.

F. Me skal bry oss. Me skal sjå og høyre, og er det noko me reagerer på av negativ åtferd, skal me ta det opp med foreldre eller skule.