Velkommen tilbake til ein normal skulekvardag utan kontaktreduserande tiltak!
Elevane teikna og skreiv ALT BLIR BRA - og nå er vi endeleg der!
Det er ikkje lenger begrensningar på antal personar på arrangement, det betyr at klasse- og trinnarrangement i fritida kan arrangerast som før.
Dei grunnleggjande smittevernråda gjeld likevel:
1. Sjuke må vere heime (ved nyoppstått luftvegsymptom må ein vere heime til negativt testresultat Covid 19 føreligg eller ein er symptomfri)
2. Vi har god hand- og hostehygiene