Meny
Velg seksjon Framside
Viervegen 10 4351 KLEPPE
Telefon: 51789300 Send e-post til oss
Redaktør: Sylvia Gjersdal
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Aktuelt om korona Kleppe skule

Skulen er på grønt nivå frå torsdag 20.januar.

Vi må rekne med meir koronasmitte i samfunnet framover samtidig som vi skal leve normalt og spesielt ivareta barn og unge.

Dette er ein del av strategien til myndigheitene, og det er også difor det blir færre restriksjonar framover. Vi kjem framleis til å informere godt, og det vil bli testing av elevane. 

Frå torsdag 20.januar er skulane i Klepp på grønt nivå, det betyr at alle kan leike i saman ute og at det blir fleire områder å vere på. 
Framleis kjem det meste av undervisninga til å føregå klassevis, men det vil nå vere ein tilnærma normal kvardag for elevane. Dette er bra, elevane treng at kvardagen er mest mogleg normal.

Ved smitte i skulen vil føresette til barn som blir definert som nærkontaktar få melding frå skulen. Ved påvist covid-19 hos eit barn vil vanlegvis heile klassen bli rekna som nærkontaktar. 
Om barnet ditt ikkje blir definert som nærkontakt, vil du vanlegvis ikkje få informasjon dersom det er smitte på skulen.

Framleis gjeld dette:

- Ingen sjuke skal møte på skulen

- God hand- og hostehygiene

- Unngå handhelsing og klemming (gjeld ikkje innad i klassen)

 

Saman tek vi vare på kvarandre!

 

Du finn meir informasjon om korona under les meir.

 

Med vennleg helsing 
Sylvia Gjersdal
Rektor