Til foreldre og elevar i 2.-6. trinn
Klepp skulekorps har hatt konsert på skulen for 2. og 3. trinn 3. mai 2023. Me gledde oss over stor stemning og medverknad frå elevane. Korpset har fått fleire nye rekruttar, men me har framleis ledige instrument som venter på at nye musikantar skal ta dei i bruk.
Me vil gjerne gje dykkar born eit tilbod om å spele eit instrument hos oss i Klepp skulekorps. Derfor vil me ønske elevar som er nysgjerrige på korleis det er å spele i korps til å kome på besøk til oss når me har øvingar på Klepp ungdomsskule.
De kan og melde oss på e-post til korpset eller ta kontakt med styreleiar Arne Morten Kristiansen og gjere avtale om instrumentprøving. Instrument og det de nye rekruttane treng av utstyr får dei låne av korpset, det er ikkje naudsamt å ha dette sjølv. Musikantane har ein speletime på sitt instrument med kvalifisert instruktør og ei fellesøving på torsdag kvar veke når dei går i korpset.
Korps er ein sosial aktivitet som samler musikantar frå 8-19 år. Ddei eldre ungdommane tek seg godt av dei yngre musikantane, og me har ingen reservebenk. Det er godt for kropp og sinn å spele eit instrument, og sosialt å gjere det i lag med andre som deler gleda over musikk.
Velkomen til oss i Klepp skulekorps!
Venleg helsing
Tone Omdal
Dirigent Klepp skulekorps
E-post Klepp skulekorps: klepp-skulekorps@outlook.com
Styreleiar Arne Morten Kristiansen: Mob. 922 18 526
Øvingane våre er på Klepp ungdomsskule som vist under:
Rekruttgruppe:
Dirigent: Laurits Husø
Torsdag 16.00-17.00
Aspirantkorps:
Dirigent: Tone Omdal
Torsdag 16.00-17.00
Juniorensemble:
Dirigent: Laurits Husø
Torsdag 17.00-18.30
Hovedkorps:
Dirigent: Tone Omdal
Torsdag 17.00-19.00