Meny
Klasser og funksjoner Forside
Postadresse Postboks 583 4302 SANDNES
Besøksadresse Nøtteskjellveien 7 4310 HOMMERSÅK Telefon: 51 33 66 10
Redaktør: Øyvind Fjermestad
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Språklige minoriteter

Hvem har rett til grunnleggende norskopplæring og/eller særskilt norskopplæring? 

Vi henviser til opplæringsloven: § 2-8: "Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar"

Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til annan skole enn den eleven til vanleg går ved. Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

Kommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.