Meny
Velg seksjon Framside
0. trinn
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Transport skuleskyss og trafikkplan

Trafikksikring handlar om å kunne bevega seg trygt i lokalmiljøet sitt, anten ein er fotgjenger, syklist eller bilist - barn, ungdom eller vaksen.

På skulevegen til og frå skulen gjeld vanlege trafikkreglar. Dei som sykler må nytta hjelm og dei som sparker er oppfordra til å ha hjelm. For dei som tek skulebuss er det viktig å halda reglane for av- og påstigning.  

Ordinær skuleskyss. I opplæringsloven § 7-1 står det om skyss i grunnskulen. Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.  

Farleg skuleveg. Time kommune har gjort ei ny vurdering av vegane inn til Hognestad skule, Lye skule og Undheim skule. Dei har laga kart som viser kva vegar som er trygge å ferdast på for mjuke trafikkantar. På kartet er dei trygge vegane farga grøne og og dei som ikkje er trygg røde. Levekår i Time har vedteke at dei som må bruka dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja om skuleskyss sjølv om dei ikkje har krav på skyss på grunn av veglengda.  

Dei som må nytta dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja skulen sin om skyss på grunn av farleg skuleveg. 

De finn søknadsskjema og kart over farleg skuleveg til høgre i margen.