Kommunen
har fått mange spørsmål om jod-tablettar etter at krigen i Ukraina begynte.
Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite
sannsynleg at krigen i Ukraina vil gi behov for jod-tablettar. Uavhengig av
situasjonen i Ukraina anbefaler DSA alle under 40 år å ha jod-tablettar lagra
heime, og hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar seglar
langs kysten av Noreg.
Kommunen har jod i barnehagar, på
skular og på Bryne helsestasjon til personar under 18 år, gravide og ammande.
Helsedirektoratet har nettopp sendt brev til kommunane om at barnehagen/skulen
vanlegvis må innhenta samtykke frå føresette dersom barn skal kunna ta jod mens
dei er i barnehagen / på skulen.
Me ber derfor føresette om å logga seg inn i
Visma Flyt skule via skulen si heimeside og gi samtykke dersom de ønsker dette.
Jod-tablettar skal berre nyttast
dersom nasjonale beredskapsmyndigheiter gir beskjed om det.
Du
kan lesa meir om bruk av jod-tablettar ved atomulukker på nettsidene til Direktoratet for stråling og atomsikkerhet (DSA)