Meny
Velg seksjon 7.trinn
0. trinn
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn

Vel møtt til informasjonsmøte for føresette til 8. trinn frå hausten 2023

Tid:    Måndag 19. juni kl 18:00 – 19:00
Stad: Aula


Det er no opna for bestilling av skulemjølk for skuleåret 2023/2024

Skolelyst, mjølkebestilling her

Skolefrukt, bestilling her


Måndag 8.mai reiste eit lag frå 6.trinn og eit frå 7.trinn til Ålgård på Tinestafetten. God innsats på begge lag og god stemning. Begge stilte i open klassen. Laget frå 7.trinn gjekk heilt til topps. Gratulerer!

2. mai 2023 blir Visma “Hjemmeweb” erstatta med “Foresattportal”. 
Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same lenka som ligg på skulen si heimeside. 



- Elever som skal starta i 1. trinn får i november brev om kva skule dei høyrer til. Elevar som skal starta i 8. trinn får informasjon om dette i Visma Flyt skule etter 1. oktober.

- Det er rettleiande skulekrinsar i Time. Dette medfører at ein kan søkja om anna skule enn nærskulen for elevar som skal starta i 1. trinn og 8. trinn. Søknadsfrist for dette er 1. desember før komande skuleår. Innvilga vedtak er gjeldande for den tida eleven er elev i barneskulen/ ungdomsskulen.

- Søknader som kjem inn etter 1. desember vil berre bli vurderte dersom eleven vil ha rett på plass etter nærskuleprinsippet (opplæringslova §8.1). 

Ta gjerne kontakt med Hognestad skule 51778341 om du lurer på noko.

Elev i Timeskulen


Etter haustferien er det mørkare om morgonen. Skulen oppmodar alle til å bruka refleks, både store og små. Refleks er den billigaste livsforsikringa du kan ha! Bruk refleks så du blir synleg i trafikken. Trygg trafikk oppmodar til å bruka refleks som beveger seg når du går, og at du bruker to refleksar slik at du er synleg frå fleire kantar.

Det blei ein blaut, men kjekk trafikkdag. Syklane til dei eldste elevane blei sjekka og alle elevane øvde seg ute i trafikken. Politiet snakka om refleks, hjelm og reglar. Takk til føresette/besteforeldre som stilte opp og til FAU som sponsa elevane med pølser og saft.  


I Time kommune vil me at alle elevane skal lukkast i skulen. Me vil at elevane skal ha lyst på livet og evna til å meistra det. I den samanheng er deltaking i opplæringa viktig og det er eit viktig førebyggande tiltak at me har gode rutinar for oppfølging av fråvær.