Meny
Velg seksjon 5.trinn
0. trinn
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn

Nytt telefonnummer : 51 77 61 11

Felles epostadresse: familiesenteret@time.kommune.no


Alle elevar har rett til eit trygt og god skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. 
Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag. 

Det er no opna for bestilling av skulemjølk for skuleåret 2023/2024

Skolelyst, mjølkebestilling her

Skolefrukt, bestilling her


Kommunen har fått mange spørsmål om jod-tablettar etter at krigen i Ukraina begynte. Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) seier det er lite sannsynleg at krigen i Ukraina vil gi behov for jod-tablettar. Uavhengig av situasjonen i Ukraina anbefaler DSA alle under 40 år å ha jod-tablettar lagra heime, og hovudgrunnen til det er at atomubåtar og atomisbrytarar seglar langs kysten av Noreg. 

Kommunen har jod i barnehagar, på skular og på Bryne helsestasjon til personar under 18 år, gravide og ammande. Helsedirektoratet har nettopp sendt brev til kommunane om at barnehagen/skulen vanlegvis må innhenta samtykke frå føresette dersom barn skal kunna ta jod mens dei er i barnehagen / på skulen.

Me ber derfor føresette om å logga seg inn i Visma Flyt skule via skulen si heimeside og gi samtykke dersom de ønsker dette.

Jod-tablettar skal berre nyttast dersom nasjonale beredskapsmyndigheiter gir beskjed om det. 

Du kan lesa meir om bruk av jod-tablettar ved atomulukker på nettsidene til Direktoratet for stråling og atomsikkerhet (DSA)


Kvart år er skulen med på Olweusundersøkjinga. I løpet av dei neste vekene vil 4.-7.klasse gjennomføra denne. Det er eit ledd i arbeidet for trygt og godt skulemiljø og eit viktig ledd i arbeidet mot mobbing. Her kan du lesa meir om undersøkjinga.

Kvart år gjennomfører elevane på 5. trinn nasjonale prøver i lesing, rekning og engelsk. Føremålet med nasjonale prøver er å gje skulane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk.

Informasjonen frå prøvane skal danna grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skulesystemet.

Me gjennomfører prøvane i løpet av september dette året.

Les meir om nasjonale prøver på: Udir.no


"Min skole foresatt" er nå klar til nedlasting. Dette er ein ny tovegskommunikasjons-app som skal erstatta SchoolLink. Du kan lasta ned app`en frå Google play eller App Store. Søk på: "Min skole-foresatt".  I denne appen melder du fråvær, sender meldingar, gjev beskjedar til SFO og sender inn skjema/undersøkjingar. Du finn meir informasjon her.