Etter haustferien er det mørkare om morgonen. Skulen oppmodar alle til å bruka refleks, både store og små. Refleks er den billigaste livsforsikringa du kan ha! Bruk refleks så du blir synleg i trafikken. Trygg trafikk oppmodar til å bruka refleks som beveger seg når du går, og at du bruker to refleksar slik at du er synleg frå fleire kantar.
Det blei ein blaut, men kjekk trafikkdag. Syklane til dei eldste elevane blei sjekka og alle elevane øvde seg ute i trafikken. Politiet snakka om refleks, hjelm og reglar. Takk til føresette/besteforeldre som stilte opp og til FAU som sponsa elevane med pølser og saft.