Meny
Velg seksjon Framside
0. trinn
1.trinn
2.trinn
3.trinn
4.trinn
5.trinn
6.trinn
7.trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<desember 2023><<
desember 2023
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Trygt og godt skulemiljø!

Alle elevar har rett til eit trygt og god skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. 
Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag. 

Om de opplever dykkar barn ikkje har det trygt og godt, vil me at de skal gje beskjed til oss på skulen.
Dette gjeld og om de er usikker på om eleven dykkar har det bra på skulen. 

De kan gje beskjed ved å:

  • ta kontakt med kontaktlærar via app, mail eller på telefon
  • ta kontakt med ein i leiinga ved skulen
  • ring skulen på telefon nr 51778343  
  • trykk på mobbeknappen på skulen si heimeside (Då går ein mail direkte til rektor)

Når skulen har fått beskjed om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, vil me undersøke saka, vera i dialog med eleven og føresette og følgje opp saka. Dette skal me gjera så raskt som mogleg og innan det har gått ei veke.

Om de opplever at me ikkje gjer nok, eller at ting tar for lang tid når de gjer beskjed, kan de klage til Statsforvaltaren i Rogaland. Ved å følgje lenkja under får de informasjon om korleis de går fram om de vil klaga. 

Ein trygg skoledag utan mobbing | Statsforvalteren i Rogaland

Meir informasjon finn de på lenkjene: 

powerpoint-om-regelverk-mot-mobbing---nynorsk.pptx (live.com)

Mobbing (udir.no)