Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Kjære alle foreldre

Vi går snart inn i påsketida, og mange har gleda seg til ferie og tid saman med familien. Kanskje hadde de planlagt ei reise eller ein tur til fjellet.

Denne påska blir annleis for oss alle. Vi må framleis gjere det vi kan for å unngå smitte, og vi kan derfor ikkje bevege oss kor vi vil eller vere saman på den måten vi elles er vane med. Dette krev mykje av oss.

For nokre av oss kan denne perioden kjennes ekstra utfordrande og vanskeleg, noko som nok også pregar kvardagen og stemninga heime. Barna våre er svært sensitive for korleis omsorgspersonane rundt dei har det. Barn treng vaksne som er der for dei, som ser og forstår, som er kloke, trygge og tilstades.

Dette er inga enkel oppgåve når vi sjølv kjenner på bekymring og stress over at livet må levast på ein annan måte for ein periode.

Er du bekymra, redd eller einsam og treng nokon å snakke med? Då kan du ta kontakt med oss.

Vi bryr oss.   

Fogn oppvekstsenter 

Rektor og verksemdsleiar Hilde Folkvord Juul, tlf. 51714680/48869452,                                                      

e-post: hilde.folkvord.juul@stavanger.kommune.no

Mental helse har fleire telefonnummer du kan ringe:

  1. Hjelpetelefonen: 116 123            
  2. Foreldresupport: 116 123 (tast 2)
  3. Arbeidslivstelefonen: 22 56 67 00
  4. https://mentalhelse.no/

Alarmtelefonen for Barn og Unge – 116 111  Alle barn kan ringe 116 111 når dei har det vondt, vanskeleg eller kjenner at dei treng hjelp. Dette kan også nyttast av vaksne som er bekymra for barn og unge. 

Pga. Koronasituasjonen er telefonen døgnopen  

Barnevernvakta tlf. 51 89 91 67 / 51 89 90 00 er barnevernet sin akuttberedskap og held til på politistasjonen. Denne har ope når barneverntenesta er stengt. Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i krise og som treng rask hjelp.