Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Hausttur for elevane på oppvekstsenteret

På fredag 25. september arrangerer vi årets haust-tur. I år går vi 3-toppstur; Peråsen-Ørnakula-Domfjellet

Elevane møter på skulen til vanleg tid og vi har ei felles samling før vi begynner turen.

 

Turen går på veg og i terreng, og vi begynner og slutter på skulen.

Alle må ha på gode sko. Vi reknar med at det er vått i naturen, og det kan derfor vere lurt å ha på sko som er nokolunde tette, ev. støvlar. Det er også viktig å ha med/på varme kler og ytterklede som tåler regn.  

Vi skal tenne opp bål og dei som vil kan ha med grillpølser og pølsebrød. Skulen tek med ketsjup og sennep. Ha gjerne med eit sitteunderlag. 

Elevane kan ha med: kjeks, sjokolade, frukt, saft og kakao/noko varmt å drikke, ev. god nistepakke.

Vi avsluttar dagen på skulen klokka 13.55.  

På grunn av usikre vermeldingar, kan det vere vi vel å utsette turen til ein dag med godt ver. Elevane får endeleg beskjed på torsdag.