Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Uteskole

Naturen som læringsarena.
I dag gjekk vi frå butikken gjennom skogen til Robin Hood skogen. Før vi gjekk las vi og snakka om skogtypar, om bartre og lauvtre. På turen studerte vi barnålene nærare og snakka om kvifor dei ikkje treng vatn om vinteren. Nålene har eit beskyttande vokslag rundt seg og held på vatnet. Vi så at lauvet på mange av trea var blitt gult og oransje, og hadde begynt å felle av. Vi snakka om grunnen til det, at blada treng masse vatn og at trea ikkje kan drikke når bakken er frossen. Så var det gruppearbeid der elevane skulle finne ting i naturen og lage 6-mengdar på kvar sine dukar. Det vart tid til leik også i det fine haustveret. 
Main Image
Bilete 1 av 9