Skulen vår ligg fint til med natur- og skogsområder i Austebygd på Holsnøy, Alver kommune.
I september 2025 er me 117 flotte elevar i 1. - 7.årssteg, fordelt slik:
1.trinn 18
2.trinn 14
3.trinn 14
4.trinn 12
5.trinn 16
6.trinn 19
7.trinn 24
Det er 28 tilsette ved skulen.
På Grasdal SFO er det 48 barn som er påmeldt.
Vi har tilbod om leksehjelp for 5.- 7. årssteg. Vi har fysisk aktivitet for 5.-7. klasse kvar veke.
Visjonen vår: Alverskulen, ein plass for alle, læring og meistring i fellesskap
- Vi har overordna mål i Alver kommune for eit trygt og godt skulemiljø, for å minske tal elevar som opplever mobbing og plaging. Vi arbeider med medverknad og motivasjon.
Vi har ein plan for trygt og godt skulemiljø, og vil vektlegge fellesskapspedagogikk. Tiltak for å fremme fellesskap og miljø (udir.no)
Vi brukar Trivselsprogrammet for å auke aktivitet og trivsel i friminutta. Det har høg grad av elevmedverknad.