Meny
Velg trinn Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Ådlandsvegen 323 5919 Frekhaug
Telefon: 56 17 57 00 Faks: 56 17 57 01 Send e-post til oss
Redaktør: Lene Molvik Thormodsen
Elektroniske søknader
Søknad vedr. SFO
Permisjonsøknad
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2026><<
mai 2026
mtotfls
27282930010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Strikkedag i 7.klasse

Fredag 26.01 fekk vi hjelp frå både Nordhordland husflidslag og Helselaget til strikkeopplæring i 7.klasse. 

Det blei ei super økt, og dei fleste var einige om at skuledagen kunne vore endå litt lenger akkurat idag. Så kjekt var det!

Dei to damene frå Nordhordland Husflidslag, Aud Marit Halland og Bente Irene Solveit, og skulen si eiga Kirsten (som lagar den fantastiske "Kirsten-grauten") frå Helselaget var så greie å dele strikkekunnskapen sin med elevane. Det er godt å vere fleire vaksne som kan hjelpe til når ein heil gjeng skal læra seg strikkekunsten på ein gong.

Det var rett nok allereie nokre elevar som var godt igong med strikkepinnane, men det var og ein del som strikka sine første maskar idag. 

I tillegg til å gje god strikkerettleiing og hjelp til å øve teknikk, demonstrerte Aud Marit frå Husflidslaget bridging (fletting) av hoseband til herrebunad.

Då økta måtte avsluttast og strikketøya surrast saman, fekk dei gode hjelparane ein varm appluas - og det var ikkje eg som lærar som oppforda til den takken. Det gjorde elevane heilt sjølv! Dei vart ønska hjarteleg velkomen tilbake.

Main Image
Bilete 1 av 7