Meny
Velg trinn Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Ådlandsvegen 323 5919 Frekhaug
Telefon: 56 17 57 00 Faks: 56 17 57 01 Send e-post til oss
Redaktør: Irene Hystad Hugaas
Elektroniske søknader
Søknad vedr. SFO
Permisjonssøknad
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Farleg trafikksituasjon på skulevegen

Rektor har fått nye meldingar om at det oppstår farlege situasjonar på skulevegen, og særleg når det er glatt føre. Vi vil igjen oppmode alle til å slutte å bruke dette området til av – og påstigning, og bruke busstoppet og skulen sin snuplass og parkeringsplass ved kjøring til og frå skulen. Då kan dette området og blindvegen vera ein trygg skuleveg barna kan gå på frå byggefeltet, slik det var tenkt. 

Rektor har fått informasjon om at det er mange foreldre som kjører ungane sine til skulen ved å kjøre dei til blindvegen og snarvegen gjennom skogen istadenfor til skulen sin parkeringsplass. Foreldre kjører ofte i altfor høg fart og det blir ei samling med bilar ved skulestart og skuleslutt som stoppar, snur, og manøvrerer seg rundt elevar som er på veg til og frå skulen.  Mange meiner dette er ein uholdbar situasjon.

Det oppstår ofte farlege situasjonar då området ikkje er eigna som parkeringsplass og snuplass for mange bilar, samstundes som elevar og foreldre går bak, foran og mellom bilar som rygger og snur. No som vinteren er komme, er det slik at bakken ned frå nærliggande hus samt området der alle stoppar og snur, er ekstremt glatt. Vaksne og barn har hatt problem med å krysse vegen og over til fortauet, fordi asfalten er ein skøytebane.

Dersom ikkje denne oppmodinga hjelper, må vi be om ei vurdering frå politiet. Det er mange som er bekymra for at dette kjem til å ende med ei alvorleg ulykke.  Vis hensyn!

Helsing rektor