Meny
Velg trinn Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Ådlandsvegen 323 5919 Frekhaug
Telefon: 56 17 57 00 Faks: 56 17 57 01 Send e-post til oss
Redaktør: Irene Hystad Hugaas
Elektroniske søknader
Søknad vedr. SFO
Permisjonssøknad
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Handtering av situasjonen med Koronaviruset

Skulane i Alver kommune har oppstart for 5.-7.trinn på tysdag 12.mai. 

5.-7.trinn på Grasdal skule skal ha skuledag kl 10.-14.30 kvar dag , men onsdag til 13.45. 

Sjå meir info om oppmøte på din klasse si side og i brevet som er vedlagt og sendt i epost. 

Vel møtt til Grasdal skule! 

Direktør i Utdanningsdirektoratet:

Måndag 27. april opnar vi opp skulane og vi gler oss til å sjå elevane på skulen.

Smittevernveileder for skoler

Historikk:

07.05.2020: Skulane i Alver kommune har oppstart for 5.-7.trinn på tysdag 12.mai. I vedlegg finn de infobrev frå Kommunalsjef oppvekst og Tenesteleiar skule i Alver kommune. 

27.04.2020: Måndag 27. april opnar vi opp skulane for 1.-4.trinn og vi gler oss til å sjå elevane på skulen!Skuledagen vil vere med same start- og sluttid som vanleg. SFO vil vere open mellom kl. 8.00 -16.00.

22.04.2020: Det er viktig at vi får svar på spørreskjema vi sender ut i dag (lenke på sms) innan i dag kl. 16.00, onsdag 22.april 

07.04.2020: Regjeringa har i dag 7.april, bestemt å fortsetje tiltaka mot koronaviruset. Skulane vert stengt til 27.april. Etter påske fortset vi med heimeskule og organisering slik vi hadde vekene før påske. 27.april skal vi opne for 1.-4.trinn og sfo. 5.-7.trinn fortset med heimeskule. De vil få meir informasjon etterkvart. Vi skal førebu oss for trygt og forsvarleg smittevern i skulen. 
Same vilkår gjeld for tilsyn på skulen: Skulane skal halde ope og ha tilsyn for :
•  barn i 1.-4. trinn (etter behov opp til 12 år) med foreldre som har samfunnskritiske oppgåver • barn med spesielle behov

25.03.2020: Regjeringa har bestemt å fortsetje tiltaka mot koronaviruset fram til 13.april. Skular og barnehagar vert stengt til over påske. Tiltaket kan bli forlenga. Sjå brev frå rektor i vedlegg til denne artikkelen, og i epost til alle foreldre. Sjå skriv til alle føresette i Alver i vedlegg og i epost.

20.03.20: VIDEOHELSING FRÅ ORDFØRAREN TIL BARN OG UNGE I ALVER

16.03.20: STATSMINISTEREN SIN PRESSEKONFERANSE FOR BARN

12.03.20: Slik melder du ifrå om behov : Skriv epost til rektor : irene.hystad.hugaas@alver.kommune.no  

om: • du har ein jobb med samfunnskritiske funksjonar • du har eit barn med spesielle tilsynsbehov

Kva er samfunnskritiske funksjonar?

• Styring og kriseleiing • Forsvar • Lov og orden • Helse og omsorg • Redningsteneste • IKT-sikkerheit i sivil sektor • Natur og miljø • Forsyningssikkerheit • Vatn og avløp • Finansielle tenester • Kraftforsyning • Elektroniske kommunikasjonstenester • Transport • Satellittbaserte tenester • Apotek

Hald deg oppdatert. Foreldre må logge seg på Visma Flyt skole (til høgre i menyen) med ID-porten og sjekke om skulen har rett epost-adresse til foreldre, slik at vi kan sende informasjon og skulearbeid der.

For siste nytt om situasjonen, følg med på www.fhi.no, www.helsenorge.no og www.alver.kommune.no.

 

12.03.20: Opptrapping av beredskap frå FHI og Helsedirektoratet i dag 12.mars - Ny informasjon: Vi vurderer fortløpande tiltak for å minske smittefare av korona-viruset. Frå og med i dag vert foreldremøter avlyst. Det er kommuneleiinga i Alver som avgjer eventuell stenging av skular. Elevane er informert i dag av rektor om at det kan bli aktuelt med heimeskule og korleis vi kan organisere det i nær framtid.

Informasjon frå Utdanningsdirektoratet:https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/

05.03.20: Vedlagt er Grasdal skule sin Beredskapsplan i denne situasjonen. pr 05.03.2020

02.03.20: I vedlegget finn de informasjon til foreldre og føresette  pr. 02.03.2020 frå smittevernlege i Alver kommune

Snakk med barna dykkar om situasjonen. De kan få råd på nett om korleis ein kan dempe uro og redsel og  gi barna tryggleik og kunnskap.

På skulen kjem vi til å snakke med elevane om situasjonen, og bruke supernytt og fakta frå fhi.no. Skulen fylgjer råd frå Folkehelseinstituttet og smittevernlege i Alver kommune. Vi gjennomfører handvask på starten av dagen, og etter kvart friminutt. Vi informerer om å halde litt avstand og unngå nærkontakt, og at vi tar hensyn til sårbare grupper som er i risiko for å bli sjuke.No arbeider vi med å planlegge for leirskule på Fagerli, Geilo, i veke 12 for 7.klasse. Elevar og foreldre der skal få meir informasjon fortløpande.

  "Når vi snakker om skremmende nyheter med barn, har vi to mål som vi aldri må miste av synet. Det første, som gjelder særlig for de største barnehagebarna og de yngste skolebarna er å roe, å trygge. Det andre, som gjelder mer for skolebarn fra tredje- eller fjerdeklasse, er å lære."

 Slik snakker du med barna om skremmende nyheter

   Slik snakker du med barna om koronaviruset nrk

Helsing rektor