Velkommen til skulestart!
Den første skuledagen er torsdag
17.august 2023.
Oppmøte kl. 08.15.
Elevane møter i gymsalen for ein felles start, og så går dei til
klasseromma saman med lærarane sine.
Det er vanleg at foreldre fylgjer med 1.klassingane sine den første timen på skulen.
Skuledagen er slutt kl. 13.15 for 1.-4.klasse og kl. 14.20
for 5.-7.klasse. Det er SFO for dei som er påmeldt.
Det er viktig å få ein trygg avslutning på
skuledagen, så de må avtale med barnet om det skal på sfo, gå heim, ta buss
eller bli henta.
Publisert: 11.08.2023 16:15 Sist endra: 24.10.2023 11:20 Forfattar: Irene Hystad Hugaas
Program:
-Rektor ønske velkommen til alle og sender klassane og
lærarane til klasserom etter kvart, og 7.klasse først. Til slutt er det
1.klasse igjen saman med foreldra, og rektor helsar på kvar enkelt elev.
-1.klasse går til klasserommet og foreldre kan fylgje med
-Elevane får informasjon med heim frå kontaktlærarane i ei
meldemappe i ranselen og i epost/ føresett-app Visma: timeplan, vekeplan og andre viktige ting.
-De får snart innkalling til foreldremøte.
-Skriv ei melding på ein lapp til lærar om det er
informasjon som er viktig den første dagen.
Ta med: Ransel og skrivesaker, mat og drikke, innesko, utekler
etter veret.
Skuletid
Vi endrar timeplanen for alle
elevane.
Alle starter kl 8.15.
For 1.-3.trinn: alle dager skuleslutt kl. 13.15 men tysdag kl. 12.15.
4.trinn: Mandag: skuleslutt kl 14.00, dei andre dagane
skuleslutt kl. 13.15.
5.-7.trinn: Mandag: skuleslutt kl. 14.00, tysdag og fredag kl.
13.15,
Onsdag og torsdag skuleslutt kl 14.20 (fysisk
aktivitet frå 14.00 – 14.20)
Skulen har fått godkjent skyssruter etter ny
timeplan.
Meir informasjon kjem i eit skriv til alle
elevar og foreldre ved skulen rett etter skulestart