Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulen sin historie

Etter at omgangsskulen tok slutt i 1867, vart det første faste skulehuset bygd på Skolten, bak TKS. Det vart også vedteke at ein skulle byggja eiga skulestove på Åsland. Dette vart det ikkje noko av og i staden heldt ein på Åsland fram med skule i privathus. På den tid var nemleg noverande Frøyland skulekrins delt i to, Kverneland og Åsland. I 1887 vart dei to krinsane samla til ein og no gjaldt det å leggja skulen sentralt i bygda. Dei flytta då, som det var vanleg på 1800-talet, sjølve skulehuset til Håhodl i Frøylandsmarka ved vegen over Brekkå til Åsland. Jonas Frøyland gav gratis grunn til skulen. Med dette låg skulen nokså isolert til, men omtrent midt i den nye skulekrinsen. Ingen skulle få altfor lang skuleveg. Desse gardane har frå den tid høyrt til Frøyland skulekrins: Njå, Tegle, Netland, Kverneland, Frøyland, Kalberg søre og nordre, Åsland og Fjermestad.  

I 1909 vart skulehuset påbygd med ei stor, fin skulestove og ein liten bustad for læraren ovanpå. Natta 24. mars 1914 brann skulehuset ned og med i brannen gjekk mange fine bileter og bøker. Då skulen brann, gjekk også det lokale biblioteket, det lokale grendehuset, kulturhuset og forsamlingshuset opp i flammer. Etter brannen, vart det straks satt opp ny skule på same staden. Det nye skulehuset var større enn det gamle, med to skulestover og husvære for læraren. Her var det då folkeskule og det hende også at framhaldskulen held kurs her. Alt i 1936/37 var det tale om å flytta huset, for det låg noko ulagleg til for elevane. Men det ville ikkje skulestyret gå med på enno. I staden vart leikeplassen utvida og fornya med leplanting rundt. Dette er den staden vi nyttar som turmål til uteskulen i dag, kalla gamleskulen.   I 1937 var Frøyland skule 4-delt og hadde 2 lærarar.  

Under andre verdskrig fekk Frøyland ha skulehuset i fred like til sommaren 1944. Då vart det rekvirert av tyskarane til lasarett, men utpå same hausten vart det frigjeve.  

I 1953 var det 70 elevar og firdelt skule på Frøyland, men ei oppteljing synte at det då var 142 born under 7 år i krinsen så skulehuset måtte utvidast mykje. På krinsmøtet 9. mars 1953 var det stor semje om å byggja nytt skulehus på ny stad, berre 4 røysta mot, 98 røysta for flytting.   Olav Gudmestad på Frøyland var villig å selja «Rishagen», ei 10 mål stor tomt som låg ned mot Frøylandsvatnet eit lite stykke frå lærarjorda. Prisen var 35000 kroner.   19. mars 1953 gjorde Time skulestyre dette vedtaket samrøystes : «Skulestyret rår til at det vert kjøpt ny tomt til Frøyland skule i «Rishagen»». Byggjenemnd vart vald og første byggjesteg stod ferdig i 1959. Det hadde 4 klasserom, sløydsal med materialrom, lærarrom og toalett. Etter at Kvernelands fabrikk gav 20000 kroner til skulekjøkken, dersom det kom med i første byggjesteg, kom også det på plass.  

29. mai 1959 vart så Frøyland nye skule innvigd. Frøyland skule var no fulldelt med 154 elevar. Det nye skuleanlegget låg vakkert til ved Frøylandsvatnet og i avisene kunne ein lesa : «Frøyland har fått finaste skulen på Jæren». Det var arkitekt Brandsberg-Dahl som teikna skulen.  

Den gamle skulen vart framleis brukt, først som militærdepot, som gymnastikksal for idrettslaga og i dei siste åra som festsal med ungdomsfestar kvar fredagskveld. Ungdomsfestar er sjeldan lydlause, og grannane var helst letta då bygget vart rive i 1975.

I 1961 fekk skulen ny gåve frå Kvernelands fabrikk – instrument til skulekorpset. I 1962 vart det kjøpt 6 dekar jord til utviding av skuleområdet.   Etter første byggjesteget gjennomførte ein ei større utviding mot aust, og seinare kom det til eit eige bygg med gymnastikksal.

I 1986 stod endå ei stor utviding ferdig – det som i dag rommar SFO + kunstfagavdelinga. I 1994 kunne ein ta i bruk nybygget på nedsida – i dag B-bygget.  

I perioda 2007-2009 vart A- og B-bygga renoverte og framstår no som ein svært moderne og velholdte.  

Uteområdet er stort og godt og gjennom ein kjempeflott foreldreinnsats skuleåra 2002-2005, har vi fått ei stor og god aktivitetsløype/leikepark, der elevane får allsidige utfordringar.

Sommaren 2012 vart leikeplassen på nedsida av A-bygget opparbeida og ferdigstilt.    

Hausten 2017 stod eit nytt bygg, C-bygget, ferdig mellom eksisterande skulebygg og «Tarzan-løypa.» Den gamle gymnastikkhallen vart riven hausten 2015 for å gi plass til nybygget. I C-bygget er der fullskala idrettshall, kantine/aula, naturfagrom og 12 klasserom med tilhøyrande grupperom og møterom. Nybygget vart teke i bruk i oktober 2017. Det har også vorte utført ein del oppgraderingar av uteområdet.

I dag har skulen om lag 400 elevar og rundt 55 tilsette, og trinna er stort sett tredelte. Etter at C-bygget stod ferdig, har skulen no ein kapasitet på totalt 540 elevar.

Nytt vaktmeisterbygg, mellom ungdomsskulen og barneskulen, vart teke i bruk hausten 2019.