Meny
Velg trinn eller SFO 3.trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Her finn de litt praktisk informasjon om fyrste skuledag og  kva som er nytt for skuleåret.

Torsdag 14. August er fyste skuledag.

Elevane for 2.-7.trinn møter i skulegarden kl. 08.30.

Rektor ønsker velkommen og ropar opp klassar og kontaktlærar. Elevane følger sin kontaktlærar til klasserommet, og skuleåret er i gang.

Elevane som skal starte i 1. klasse møter i skulegarden saman med føresette kl. 9.00.

Rektor ønsker velkommen og ropar opp kvar elev. Det blir lagt til rette for fotografering.

 

SFO har vanleg opningstid 14. August.

Trygg skuleveg

Me oppfordrar alle føresette til å snakke med elevane om trygg ferdsel i trafikken. For dei yngste elevane som skal gå til skulen sjølv for fyrste gong, er det bra om de øver på skulevegen. For elevane som syklar eller brukar sparkesykkel, oppmodar me til bruk av hjelm.

Skulebøker

I år vil elevane få fleire nye skulebøker. Dette er ei stor investering for Frøyland skule og Time kommune. Me ber om at føresette hjelper elevane til å ta godt vare på bøkene slik at dei kan vara lengst mogleg. Det er fint om de kan legge papir/brede på fleirgangsbøkene.

 

IPad

Frå august er praksis i Time kommune at 1. og 2. trinn ikkje skal ha med seg iPad heim. Når det er helg og ferie skal ingen av elevane ha med seg iPaden heim.  Det kjem meir informasjon om digital praksis og retningsliner for Time kommune og skulen på heimesida. Sjå eige sak.

 

Leksegruppe

Skuleåret 2025-2026 blir det tilbod om leksegruppe for elevane på 5.-7.trinn måndag kl 14.15-15.15 og onsdag kl. 07.30 -08.30. Ordninga vil gjelda frå veke 35. Meir informasjon kjem. 


Trygg Trafikk oppfordrer foreldre til å øve og kartlegge skolevegen før skolestart 2025

Elevane på Frøyland skule kan abonnere på frukt og grønnsaker. Elevane får utdelt ei frisk frukt eller grønnsak på skulen dei dagane som det er bestilt.

 De kan bestille her: Skolefrukt.no


Det er no opna opp for bestilling av skulemjølk eller anna drikke for skuleåret 2025-2026.

Hugs neste års klasse for barnet ditt.

Bestilling : www.skolelyst.no


Sommarferien nærmar seg. Fredag 20.juni er siste skuledag for elevane. Vi sluttar til vanleg tid, klokka 13.00. Skulen førebur seg på endingar som kjem ved oppstart av nytt skuleår. Nokre av klassane får ny kontaktlærar, andre held fram som før.  Under finn de ei oversikt over kontaktlærarane på kvart trinn.

Kontaktlærarar skuleåret  25-26

Klasse

Kontaktlærarar

1A

Brit Jorunn S. Enge og Ingvill Tjelta

1B

Anita Vatland

1C

Bente Hinnaland Undheim

2A

Torill Sandsmark og Oda Emilie Husveg

2B

Ann Jeanett Killingland Hana

3A

Mia Haugen Høyland

3B

Berit Stokka

3C

Brita Grastveit Flattum

4A

Alf Georg Tjåland

4B

Kristoffer Bjørknes

5A

Trond Wiggo Bjerkeli

5B

Edel Ødegaard

5C

Ove Nikolaisen

5D

Silje Stubstad Engelsvoll

6A

Ove Hauge, Kristina Hodne Mathiassen

6B

Heidi Kjærland, Kristina Hodne Mathiassen

7A

Torbjørn Stangborli

7B

Eivind Lie

7C

Stine Ree

 

Skulen startar opp igjen torsdag 14.august. Me møtast i skulegarden kl. 08.30.

God sommar!



Neste uke skal elevene på Frøyland skule fordype seg i kystkultur, klima og miljø. Noen elever fra 7. trinn reiser til kystbyen Donquerke i Frankrike, hvor de skal gå på skole med franske jevnaldrende og bo hos vertsfamilier. Der får de oppleve fransk språk, kultur og hverdagsliv på nært hold.

Alle elevene, uansett hvor de befinner seg, deltar i det felles temaet «Teens on the Shore», hvor fokuset vil være å utvikle kulturforståelse, øke miljøbevissthet og styrke samarbeidsevner.

For elevene som blir igjen på Jæren, blir det en uke fylt med spennende aktiviteter knyttet til vår egen kystkultur. Med fokus på havet som ressurs, bærekraft og miljøvern, vil vi blant annet utforske Jærens kystlandskap gjennom praktiske oppgaver og samarbeid på tvers av trinnene.

Gjennom «Teens on the Shore» ønsker vi å:

· Utforske kystkulturer – sammenligne ulike kystsamfunn og utvikle respekt for egne og andres tradisjoner.
· Øke miljøbevisstheten – lære om klima, bærekraft og biologisk mangfold for å forstå hvordan vi kan ta bedre vare på havet og miljøet.
· Forbedre språkferdigheter – bruke engelsk aktivt, se filmer på originalspråk og erfare hvordan språk bygger broer mellom kulturer.
· Styrke verdier som solidaritet og demokrati – reflektere over samarbeid, respekt og fellesskap i en verden i stadig endring.

Vi ønsker at alle elever får en lærerik og inspirerende uke, enten de er i Frankrike eller her hjemme. Gjennom opplevelser, utforskning og samarbeid håper vi at de vil tilegne seg verdifulle erfaringer både faglig og personlig.

Vi ser frem til en spennende uke og ønsker elevene og lærerne som skal reise en riktig god tur!

Ved Frøyland skule har me 2 hjartesonar der det er lagt til rette for at føresette i bil skal kunne setja av og hente elevar på ein trafikksikker måte.  

Den eine hjartesona er på parkeringsplassen ved Kvernelandsvegen (ved Frøylandsvatnet).

Den andre sona finn ein om ein køyrer inn Brekkevegen.

Skulen har fått informasjon om at nokre føresette set av elevar ved pumpehuset som ligg ved skulegjerdet og ein liten gangsti ved Kvernelandsvegen.

Dette skapar ein del farlege trafikksituasjonar.  

Me oppmodar alle føresette som skal køyre eller henta elevane i bil til å bruka dei etablerte hjartesonene for trygg av- og på stiging.