Her finn de litt praktisk informasjon om fyrste skuledag og kva som er nytt for skuleåret.
Torsdag 14. August er fyste skuledag.
Elevane for 2.-7.trinn møter i skulegarden kl. 08.30.
Rektor ønsker velkommen og ropar opp klassar og kontaktlærar. Elevane følger sin kontaktlærar til klasserommet, og skuleåret er i gang.
Elevane som skal starte i 1. klasse møter i skulegarden saman med føresette kl. 9.00.
Rektor ønsker velkommen og ropar opp kvar elev. Det blir lagt til rette for fotografering.
SFO har vanleg opningstid 14. August.
Trygg skuleveg
Me oppfordrar alle føresette til å snakke med elevane om trygg ferdsel i trafikken. For dei yngste elevane som skal gå til skulen sjølv for fyrste gong, er det bra om de øver på skulevegen. For elevane som syklar eller brukar sparkesykkel, oppmodar me til bruk av hjelm.
Skulebøker
I år vil elevane få fleire nye skulebøker. Dette er ei stor investering for Frøyland skule og Time kommune. Me ber om at føresette hjelper elevane til å ta godt vare på bøkene slik at dei kan vara lengst mogleg. Det er fint om de kan legge papir/brede på fleirgangsbøkene.
IPad
Frå august er praksis i Time kommune at 1. og 2. trinn ikkje skal ha med seg iPad heim. Når det er helg og ferie skal ingen av elevane ha med seg iPaden heim. Det kjem meir informasjon om digital praksis og retningsliner for Time kommune og skulen på heimesida. Sjå eige sak.
Leksegruppe
Skuleåret 2025-2026 blir det tilbod om leksegruppe for elevane på 5.-7.trinn måndag kl 14.15-15.15 og onsdag kl. 07.30 -08.30. Ordninga vil gjelda frå veke 35. Meir informasjon kjem.