Meny
Velg trinn eller SFO 4.trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Har du lyst til å begynne på kulturskulen? Då må du søkje snart. Me tar inn nye elevar på alle fag til hausten, og søknadsfrist er 1 mai.

Søk via linken : Time kulturskule

 


I dag fekk elevane på 2-4.trinn besøk frå kulturskulen, som ville vise fram litt av det dei driv med.

Det nærmar seg tida for året sin Olweusundersøking.

I lenkesamlinga til høgre her på forsida og på sidene til 4-7.trinn, finn de informasjon om undersøkinga.

 


Frøyland skule har revidert ordensreglane og stramma inn regelen om mobil- og smartklokkebruk.

Velkommen til foreldremøter våren 2024!

 

Torsdag 8. februar vert det innskrivingsmøte kl. 18.00 i aulaen, for dei som skal byrje i 1.klasse hausten 2024.

 

Tysdag 13. februar vert det foreldremøte kl. 18.00-19.30 for 1. og 2. trinn

Onsdag 14. februar vert det foreldremøte kl. 18.00-19.30 for 3. og 4.trinn

Torsdag 15. februar vert det foreldremøte kl. 18.00-19.30 for 5., 6. og 7. trinn

Foreldremøta på 1.-7. trinn startar opp i klassane med sin kontaktlærar kl.18.00-19.00. Deretter vert det ein fellesdel i aulaen 19.00-19.30, kor foreldre, lærarar og leiinga deltek.

Sett av datoane allereie no😊

helsing Gerd Rusdal
-rektor


Fleire dagar med kuldegrader har ført til at det er is på mange av vatna i kommunen.
I samband med dette vil me oppmoda alle føresette om å snakka med barna/ungdommane sine om ferdsel på islagde vatn. For eksempel at barn ikkje bør gå ut på isen før dei vaksne har sagt at dette er trygt. 

Nokre vatn der det er mykje straum, som for eksempel Mølledammen og Frøylandsvatnet, er aldri trygge. 
Du finn fleire råd på kommunen si nettside: Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no) 


No er det mørketid og tid for å bruka refleksvestar, refleks i jakkar og på hjelmar, Husk og lys på syklar og sparkesyklar.

Refleks er den billigste livsforsikringen du kan ha!

Les meir om refleksbruk : Trygg trafikk