Meny
Velg trinn eller SFO 5.trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

I haustferien (veke 41) vil det igjen vera ei rekke tilbod til barn og unge i Time.                                                                 

Kommunen gjev støtte til lag og foreiningar som vil tilby aktiviteter som er gratis eller har svært låg kostnad for dei som deltek.

Sjå informasjon under og også meir utfyllande, der lenkane fungerer, i lenkesamlinga til høgre på forsida, "Haustferieaktivitetar".


 

Frøyland skule har ledig 2 undervisningsstillingar. Me treng gode og engasjerte folk på laget vårt. På skulen vår vil du møte kjekke kollegaer, eit godt vaksenmiljø og eit godt skulemiljø. Me er opptatt både av trivsel og læring for store og små.  Me har 355 kjekke ungar som gjerne vil bli kjent med deg. Vil du bli med på laget vårt må du søka innan:  

15. Oktober 2025 

Du finn annonsen og lenkje til søknadsportal på Time kommune si heimeside under ledige stillingar og på Finn.no (FINN-kode 429431549) 

 


Frå 6. oktober får Frøyland skule ny heimeside. Sida har same adresse som den gamle sida, så de som brukarar vil ikkje merke dette på anna måte enn at utsjåande er annleis.

Sida har universell utforming, og er dermed lagt til rette for brukarar som treng talestøtte. 

De kan abonnere på nyheitsbrev frå trinna.


Me erfarer at det oppstår farlege situasjonar på skulevegen for både fotgjengarar og syklistar. 

Denne veka har me difor litt ekstra merksemd på trafikktryggleik på skulen. Me snakkar med elevane våre om korleis dei må opptre for å ferdast trygt i trafikken.

Dette gjeld særleg for kryssing av veg, sykling og bruk av hjelm. Lys på sykkelen nå når det vert mørkt.

Me oppfordrar alle føresette til å snakke med sine barn om trygg ferdsel i trafikken, og ber alle billistar om å køyre ekstra forsiktig i området kring skulen ved skulestart og skuleslutt. 


Vi er straks klare til å gjennomføre nasjonale prøver på 5.trinn. 

I lenkemenyen til høgre finn de informasjon om prøvene - "Kva er nasjonale prøver?"


Her finn de litt praktisk informasjon om fyrste skuledag og  kva som er nytt for skuleåret.

Torsdag 14. August er fyste skuledag.

Elevane for 2.-7.trinn møter i skulegarden kl. 08.30.

Rektor ønsker velkommen og ropar opp klassar og kontaktlærar. Elevane følger sin kontaktlærar til klasserommet, og skuleåret er i gang.

Elevane som skal starte i 1. klasse møter i skulegarden saman med føresette kl. 9.00.

Rektor ønsker velkommen og ropar opp kvar elev. Det blir lagt til rette for fotografering.

 

SFO har vanleg opningstid 14. August.

Trygg skuleveg

Me oppfordrar alle føresette til å snakke med elevane om trygg ferdsel i trafikken. For dei yngste elevane som skal gå til skulen sjølv for fyrste gong, er det bra om de øver på skulevegen. For elevane som syklar eller brukar sparkesykkel, oppmodar me til bruk av hjelm.

Skulebøker

I år vil elevane få fleire nye skulebøker. Dette er ei stor investering for Frøyland skule og Time kommune. Me ber om at føresette hjelper elevane til å ta godt vare på bøkene slik at dei kan vara lengst mogleg. Det er fint om de kan legge papir/brede på fleirgangsbøkene.

 

IPad

Frå august er praksis i Time kommune at 1. og 2. trinn ikkje skal ha med seg iPad heim. Når det er helg og ferie skal ingen av elevane ha med seg iPaden heim.  Det kjem meir informasjon om digital praksis og retningsliner for Time kommune og skulen på heimesida. Sjå eige sak.

 

Leksegruppe

Skuleåret 2025-2026 blir det tilbod om leksegruppe for elevane på 5.-7.trinn måndag kl 14.15-15.15 og onsdag kl. 07.30 -08.30. Ordninga vil gjelda frå veke 35. Meir informasjon kjem. 


Elevane på Frøyland skule kan abonnere på frukt og grønnsaker. Elevane får utdelt ei frisk frukt eller grønnsak på skulen dei dagane som det er bestilt.

 De kan bestille her: Skolefrukt.no