Meny
Velg trinn eller SFO 2.trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Frøyland skule har revidert ordensreglane og stramma inn regelen om mobil- og smartklokkebruk.

Velkommen til foreldremøter våren 2024!

 

Torsdag 8. februar vert det innskrivingsmøte kl. 18.00 i aulaen, for dei som skal byrje i 1.klasse hausten 2024.

 

Tysdag 13. februar vert det foreldremøte kl. 18.00-19.30 for 1. og 2. trinn

Onsdag 14. februar vert det foreldremøte kl. 18.00-19.30 for 3. og 4.trinn

Torsdag 15. februar vert det foreldremøte kl. 18.00-19.30 for 5., 6. og 7. trinn

Foreldremøta på 1.-7. trinn startar opp i klassane med sin kontaktlærar kl.18.00-19.00. Deretter vert det ein fellesdel i aulaen 19.00-19.30, kor foreldre, lærarar og leiinga deltek.

Sett av datoane allereie no😊

helsing Gerd Rusdal
-rektor


Fleire dagar med kuldegrader har ført til at det er is på mange av vatna i kommunen.
I samband med dette vil me oppmoda alle føresette om å snakka med barna/ungdommane sine om ferdsel på islagde vatn. For eksempel at barn ikkje bør gå ut på isen før dei vaksne har sagt at dette er trygt. 

Nokre vatn der det er mykje straum, som for eksempel Mølledammen og Frøylandsvatnet, er aldri trygge. 
Du finn fleire råd på kommunen si nettside: Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no) 


No er det mørketid og tid for å bruka refleksvestar, refleks i jakkar og på hjelmar, Husk og lys på syklar og sparkesyklar.

Refleks er den billigste livsforsikringen du kan ha!

Les meir om refleksbruk : Trygg trafikk


Tusen takk til bygda for alle bidrag til innsamlingsaksjonen vår 9.november. Dette året går alle pengane til eit mødrehjem i Etiopia.

Til no er det kome inn utrulege 134200,- og enno tikkar det inn bidrag🥰


Torsdag 9. november har me gleda av å invitera familie og venner til

OPEN  DAG på Frøyland skule frå kl 17 -19.

Då vert det fullt liv i alle rom med kafèar, sal av aksjonsmateriell, kunst og andre sjølvlaga ting, fiskedam, lynlotteri, konkurranser og mange andre aktivitetar. 
Me vil oppmoda gjestene om å gå innom alle klasseromma for å sjå kva dei ulike trinna har laga til. Det er mogleg å betala med VIPPS til 826758 (FAU Frøyland skule). Ein kan også betale med penger, men hugs då å ta med småpengar/myntar. 

Parkeringsavgift 10 kr. 7. trinn vil vere på parkeringsplassen og ta imot parkeringsavgift.

I år skal vi samla inn pengar til “Ye-Amlak-Lijoch” i Addis Abeba, hovudstaden i Etiopia. Dette er ein mødreheim som vart starta for 3 ½ år sidan. Fattige og sårbare tenåringsmødre får bu på mødreheimen i 6-9 månader. Her får dei oppleve omsorg, respekt og kjærleik, og håpløyse blir vendt til håp og livsglede. 

Kvelden vert rekna som vanleg skuletid for elevane med obligatorisk frammøte. Som kompensasjon får elevane gå heim kl. 11.00 onsdag 20. desember. 

Velkommen til ein triveleg kveld på skulen!



No er mørketida her. Då er det ekstra viktig å ha på refleksvestane, refleksar, hjelmer og lys på sykler og sparkesykler.