Meny
Velg trinn eller SFO For tilsette

Her finn de litt praktisk informasjon om fyrste skuledag og  kva som er nytt for skuleåret.

Torsdag 14. August er fyste skuledag.

Elevane for 2.-7.trinn møter i skulegarden kl. 08.30.

Rektor ønsker velkommen og ropar opp klassar og kontaktlærar. Elevane følger sin kontaktlærar til klasserommet, og skuleåret er i gang.

Elevane som skal starte i 1. klasse møter i skulegarden saman med føresette kl. 9.00.

Rektor ønsker velkommen og ropar opp kvar elev. Det blir lagt til rette for fotografering.

 

SFO har vanleg opningstid 14. August.

Trygg skuleveg

Me oppfordrar alle føresette til å snakke med elevane om trygg ferdsel i trafikken. For dei yngste elevane som skal gå til skulen sjølv for fyrste gong, er det bra om de øver på skulevegen. For elevane som syklar eller brukar sparkesykkel, oppmodar me til bruk av hjelm.

Skulebøker

I år vil elevane få fleire nye skulebøker. Dette er ei stor investering for Frøyland skule og Time kommune. Me ber om at føresette hjelper elevane til å ta godt vare på bøkene slik at dei kan vara lengst mogleg. Det er fint om de kan legge papir/brede på fleirgangsbøkene.

 

IPad

Frå august er praksis i Time kommune at 1. og 2. trinn ikkje skal ha med seg iPad heim. Når det er helg og ferie skal ingen av elevane ha med seg iPaden heim.  Det kjem meir informasjon om digital praksis og retningsliner for Time kommune og skulen på heimesida. Sjå eige sak.

 

Leksegruppe

Skuleåret 2025-2026 blir det tilbod om leksegruppe for elevane på 5.-7.trinn måndag kl 14.15-15.15 og onsdag kl. 07.30 -08.30. Ordninga vil gjelda frå veke 35. Meir informasjon kjem. 


Trygg Trafikk oppfordrer foreldre til å øve og kartlegge skolevegen før skolestart 2025

Det er no opna opp for bestilling av skulemjølk eller anna drikke for skuleåret 2025-2026.

Hugs neste års klasse for barnet ditt.

Bestilling : www.skolelyst.no


Sommarferien nærmar seg. Fredag 20.juni er siste skuledag for elevane. Vi sluttar til vanleg tid, klokka 13.00. Skulen førebur seg på endingar som kjem ved oppstart av nytt skuleår. Nokre av klassane får ny kontaktlærar, andre held fram som før.  Under finn de ei oversikt over kontaktlærarane på kvart trinn.

Kontaktlærarar skuleåret  25-26

Klasse

Kontaktlærarar

1A

Brit Jorunn S. Enge og Ingvill Tjelta

1B

Anita Vatland

1C

Bente Hinnaland Undheim

2A

Torill Sandsmark og Oda Emilie Husveg

2B

Ann Jeanett Killingland Hana

3A

Mia Haugen Høyland

3B

Berit Stokka

3C

Brita Grastveit Flattum

4A

Alf Georg Tjåland

4B

Kristoffer Bjørknes

5A

Trond Wiggo Bjerkeli

5B

Edel Ødegaard

5C

Ove Nikolaisen

5D

Silje Stubstad Engelsvoll

6A

Ove Hauge, Kristina Hodne Mathiassen

6B

Heidi Kjærland, Kristina Hodne Mathiassen

7A

Torbjørn Stangborli

7B

Eivind Lie

7C

Stine Ree

 

Skulen startar opp igjen torsdag 14.august. Me møtast i skulegarden kl. 08.30.

God sommar!



Ved Frøyland skule har me 2 hjartesonar der det er lagt til rette for at føresette i bil skal kunne setja av og hente elevar på ein trafikksikker måte.  

Den eine hjartesona er på parkeringsplassen ved Kvernelandsvegen (ved Frøylandsvatnet).

Den andre sona finn ein om ein køyrer inn Brekkevegen.

Skulen har fått informasjon om at nokre føresette set av elevar ved pumpehuset som ligg ved skulegjerdet og ein liten gangsti ved Kvernelandsvegen.

Dette skapar ein del farlege trafikksituasjonar.  

Me oppmodar alle føresette som skal køyre eller henta elevane i bil til å bruka dei etablerte hjartesonene for trygg av- og på stiging.  


  <

 Refleks-uke på Frøyland skule

 

Minnar om at vi nærmer oss veke 4 og siste veka med refleksteljing. Ta på refleksen og vis at klassen din er den beste i bruk av refleks.

Vi er inne i den mørkeste tida av året og myke trafikanter er ekstra utsatt for ulykker. Frøyland skule vil derfor sette fokus på trafikksikkerhet for elevene våre, og vi oppfordrer foreldrene til å bidra med påminning og oppmuntring. Hjelp barnet ditt å huske refleks.

I ukene 48, 50 og 4 blir det reflekskonkurranse.

Hver morgen i refleks-uka teller lærere hvor mange elever i klassen som har refleks synlig på yttertøy og sekk. Den klassen som har størst andel av elever med refleks, får premie uka etter.

Vi vil også oppmuntre til bruk av hjelm for elever som sykler eller bruker sparkesykkel. Risikoen for hodeskader og tannskader øker vesentlig om en ikke har hjem og et uhell skulle skje.

 

Frøyland skule

 

Hvorfor bruke refleks?

Refleks er viktig for å øke synligheten din i mørket og redusere risikoen for ulykker. Når du bruker refleks, kan bilførere se deg på opptil 140 meters avstand, sammenlignet med bare 25-30 meter uten refleks. Dette gir bilførere mer tid til å reagere og unngå farlige situasjoner.

Typer refleks

1.      Refleksbrikker: Små, hengende reflekser som kan festes på jakker, vesker eller sekker.

2.      Refleksvester: Vester som dekker overkroppen og gir høy synlighet.

3.      Refleksbånd: Elastiske bånd som kan festes rundt armer eller ben.

4.      Integrerte reflekser: Reflekser som er sydd inn i klær eller sko.

Tips for effektiv bruk av refleks

·         Plasser refleksen lavt: Reflekser bør plasseres på ben og armer, da disse delene av kroppen er i bevegelse og lettere å se.

·         Bruk flere reflekser: Kombiner ulike typer reflekser for å øke synligheten fra alle vinkler.

·         Sjekk refleksens tilstand: Reflekser kan bli slitt over tid, så sørg for å bytte dem ut jevnlig.

Når bør du bruke refleks?

Refleks bør brukes i mørket, skumringen, og under dårlige værforhold som regn eller tåke. Det er spesielt viktig å bruke refleks i områder med dårlig gatebelysning eller der det er mye trafikk.



Adventstida går mot slutten og det ringer snart inn til juleferie.  

20.desember er siste skuledag før jul. Denne dagen er skulen slutt kl. 11.00.  
Den halve dagen kjem av at elevane hadde ein halv skuledag på kvelden med open dag i november. SFO-er open frå kl. 11 denne dagen for dei som har plass der. 

  

Første skuledag etter jul er fredag 3.januar. Skulen startar då til vanleg tid kl. 08.30. 

Torsdag 2.januar er det planleggingsdag for skule og SFO i Time kommune. Difor er både skule og SFO stengt denne dagen.