Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Bruk av læringsbrett

Den teknologiske utviklinga endrar arbeidsmarknaden og det daglege livet vårt.

Det er berekna at 65% av elevane som nå startar opp i første klasse skal inn i yrker som ennå ikkje finst.

Arbeidsoppgåver som i dag blir utført av menneske vil fram i tid kunna bli «outsourca» til land med lågare kostnadar, eller erstatta av maskinar.

Ferdigheiter som elevane våre må utvikla er mellom anna evna til å løysa komplekse problem, kreativitet, samarbeid og kritisk tenking.

Desse kompetansane for framtida legg til rette for livslang læring i ei verd som endrar seg stadig raskare.Teknologien er ein naturleg del av livet for den oppveksande generasjonen.

Den har endra leiken, tilgangen på informasjon, kommunikasjon, og kvar og korleis elevane lærer. Fram til nå har denne utviklinga i liten grad endra skulen i forhold til innhald, metode og læring.

Dette har me teke på alvor. Skulen må med god pedagogisk bruk av teknologi leggja til rette for at elevane er førebudde og har kompetanse som gjev dei moglegheiter for aktiv deltaking i det framtidige samfunns- og arbeidslivet.

Satsinga på nettbrett for læring i Timeskulen har dette som utgangspunkt og ambisjon. Denne rapporten gjev eit kunnskapsgrunnlag om pilotprosjektet Nettbrett i undervisninga 1:1 i Time 2014-2016.

Den gjev bakgrunn, strategiar, og informasjon om gjennomføringa med uttesting av bruk av nettbrett i undervisninga fram til nå. Inkludert i rapporten er og erfaringar frå interne og eksterne evalueringar av prosjektet.

Siste del av rapporten er ei oppsummering med konklusjon.Digitale ferdigheiter er saman med munnlege ferdigheiter, lesa, skriva og rekna, dei fem grunnleggjande ferdigheitene som inngår på tvers av faga i Læreplanen for

Kunnskapsløftet.

Heile rapporten ligg som vedlegg på høgre side.