Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Informasjon

Undheim skule er ein grunnskule for 1.-7. trinn med nynorsk som hovudmål. Me har 110 elevar fordelt på  

  • Småtrinnet (1.-4. klasse) 
  • Mellomtrinnet (5.-7. klasse) 

På skulen arbeidar det rundt 20 voksne; pedagogar, fagarbeidarar, miljøarbeidarar, helsesjukepleiar og ein operativ sosialfagleg ressursperson (OSR).  Administrasjonen består av rektor, avdellingsleiar skule, avdelingsleiar SFO og ein skulekonsulent.

For 1. - 4. klasse har me SFO tilbod.

Skulen vår har eit stort uteområde med godt grøntområde på baksida av skulen. Her har vi ein god akebakke om vinteren. Skulen ligg vegg i vegg med idrettsanlegget på Undheim. Vi er så takknemlege for at me får nytte deira kunstgrasbane i friminutta. På dagar med sterk vind og regn får elevane bruke den store "kaldhallen" til friminutta. Her kan dei boltre seg i mykje god leik. Skulen sine aktivitetsleiarar - AL dreg i gang ulike aktivitetar som elevar frå 1. - 7. klasse deltek på.