Ved undheim skule har vi valgt å slå saman Samarbeidsutvalet, SU og Skulemiljøutvalet, SMU sjå §11-1a Skulemiljøutval ved grunnskolar
Skulemiljøutvalet skal arbeide for å auke deltakinga
frå elevane, foreldre, skulen og dei ansatte i arbeidet med skulemiljøet.
Alle elevar har rett til eit trygt og
godt skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. Skal me lykkast med det,
er det viktig å dra lasset saman. Eit ope og godt samarbeid mellom elevar,
foreldre og skule voner me kan bidra til eit godt skulemiljø, med høg grad av
trivsel.
I eit skulemiljøutval skal elevane,
foreldra, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte og er satt
saman slik at representantane for elevane og foreldra er i fleirtal.
Undheim skule har to møter om hausten og to om våren. Det er rektor som kallar inn til desse møtene.
Veileiar for SMU frå
Utdanningsdirektoratet ligg til høgre i margen.
Har du spørsmål rundt dette ta gjerne
kontakt med skulen eller FAU-leiar.
Representantar i SU/SMU skuleåret 2023-2024:
Anne Gunn Feed Jakobsen, rektor
Grete Gerritsen, Fau-leiar
Øyvind Søyland, Fau-nestleiar og skulemiljøansvarleg
? politikarrepr. frå kommunen
Monica Dalen-Haugland, repr frå andre tilsette
Anne Haaland, repr pedagogane
Elevrådsformann
Elevråds nestleiar