Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Transport, skuleskyss og trafikkplan

Frå Trafikkplan for Undheim skule seier retningslinjene ved bruk av sykkel/sparkesykkel følgande:

Det er foreldra som avgjer kva tid barna kan bruka sparkesykkel eller sykkel til skulen. FAU oppmodar elevane på Undheim skule til å gå til og frå skulen. FAU vil oppfordra foreldra å venta med å gje lov til å sykle til elevane går i 5.klasse, på bakgrunn av råd frå Trygg Trafikk. Ved bruk av sparkesykkel eller sykkel til og frå skulen er det føresette sitt ansvar at personleg sikkerheitsutstyr er på plass. Skulen vil at alle elevar alltid skal bruka hjelm til og frå skulen, og på alle sykkelturar i skulen sin regi.

Ordinær skuleskyss. I opplæringsloven § 7-1 står det om skyss i grunnskulen. Elevar i 2.-7. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. For dei som tek skulebuss er det viktig å halda reglane for av- og påstigning. I Skyssreglement for elevar i grunnskulen vedteke av Fylkestinget 2018 kan du lese meir om reglementet for skuleskyss. Skyssreglement for lever i grunnskulen

Farleg skuleveg rundt Undheim skule. Time kommune har gjort ei vurdering av vegane inn til Hognestad skule, Lye skule og Undheim skule. Dei har laga kart som viser kva vegar som er trygge å ferdast på for mjuke trafikkantar. På kartet er dei trygge vegane farga grøne og dei som ikkje er trygg røde. Levekår i Time har vedteke at dei som må bruka dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja om skuleskyss sjølv om dei ikkje har krav på skyss på grunn av veglengda.  

Dei som må nytta dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja skulen sin om skyss på grunn av farleg skuleveg. Sjå vedlegg   

Delt bustad. Dersom eleven har delt bustad kan de søke om skyss. For å få innvilga skyss, er det visse vilkår som må oppfyllast. Det er Kolumbus som behandlar og svarar på søknaden.Søknadskjema  finn de her Delt bustad  Fyll ut og send til skulekonsulenten.

De finn søknadsskjema og kart over farleg skuleveg til høgre i margen.