Meny
HER FINN DU TRINNA FAU / SU / Elevråd, m.m.
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal

Undheim skule vil sterkt oppfordre alle til å svare på foreldreundersøkelsen som de no har fått tilsendt.

Bruk denne til å seie di meining, slik at vi kan utvikle skulen vår videre.

Vi ønsker at både mor og far svarar på undersøkinga for kvart barn de har på skulen.

Klassane som kjem over 70 % vil få is frå rektor - så her er det berre å hive seg rundt!!


💨Dette er dagen for dårlege hårsveisar og ufrivillige sveveturar!

🟠Meteorologane melder "oransje farenivå" og kraftige vindkast i regionen vår.

Det betyr at du bør:
🔒sikra alle lause gjenstandar
🚶unngå ferdsel på utsatte stader
🚗berekna ekstra tid til transport og køyring
⌚️vera ute i god tid om du for eksempel skal henta barn i barnehage eller på skule.
🤔sjekka vegmeldingar og vurdera om reisa er nødvendig.
❤️passa godt på deg sjølv og andre
👉sjå www.yr.no for oppdatert vermelding.


Vi får dessverre ikke levert Smoothie, frukt og grønnsak som planlagt i en periode fra 29. november på grunn av produksjonsutfordringer. Vi forventer å levere som normalt igjen fra 12. desember, avhengig av deres ordinære leveringsdager. Foresatte blir refundert for mangelen. Vi beklager ulempen!

Kundeservice@tine.no  tlf: 513 71 513

Åpningstid mandag – fredag kl. 0730-1600

Besøk oss på www.tinehandel.no og www.facebook.com/tinehandel


Då har me jammen hatt elevar her på skulen snart ei veke! Litt oppstartsutfordringar har det vore også i år, men vi håpar at det vil gå seg til etterkvart.

Heimesida vår treng ei opprydding. Vi har starta på arbeidet og håpar å få det ferdig i løpet av 2-3 veker.

Fotografering: onsdag 7. September. Då tek ein klassebilder og enkeltbilder.  (Ein tek ikkje SFO og søskenbilder)

Foreldremøte:

* Småtrinnet: 6. September -1. og 2. kl  kl. 18.00.  Felles kl. 18.45 og 3. og 4. klasse ca. 19.15.

* Mellomtrinnet: 12. september kl. 18.00 Felles. I klassane etterpå.

Det ligg framleis litt igjengløymte klede i hovudinngangen. Kom innom om du saknar noko. 

Ta gjerne kontakt med kontaktlærar eller ein av oss i administrasjonen om det er noko.

mvh Anne Gunn

 


Det er fritt skuleval i Time kommune. Dette medfører at føresette kan søkja om plass til sin elev ved ein annan skule enn det som følgjer av rettleiande skulekrinsar og nærskuleprinsippet. Om skulen har ledig elevplass, vil søknaden bli innvilga. Elevar som høyrer til skulen etter rettleiande skulekrinsar, har første prioritet for plass. Søknadsfrist 1. desember.

Opptak til anna skule i Time kommune


Frå 1.juni vil Time kommune gå over til ein ny app for kommunikasjon mellom heim og skule. Denne appen heiter "Visma Min skole". Her kjem info:

Ventekarantene og nærkontakt. Er nokon i husstanden definert som nærkontakt, smitta eller venter på testresultat, må husstanden i ventekarantene. Om ein i husstanden er i ventekarantene kan alle andre i husstanden gå på jobb/skule. Viss elevar på skulen kjem i nærkontakt/ventekarantene vil dei det gjeld bli kontakta. 

For oppdatert informasjon om kor tid du skal kome på skulen, sjå Time kommune si heimeside.

Ved fråvær på skulen, legg lærar til rette for skulearbeid og oppfølging. Det vert i samarbeid med føresette. Me ønskjer ein god dialog mellom kontaktlærer og føresette, telefon eller via shoolLink.  

Smitteveileder

 Info om barnebursdag og vennegrupper på HelseNorge. Dei er oppdatert info etter endringane i Time kommune per 19.04.21.

 

mvh Jorunn, rektor