Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Informasjon om symjeundervisning i Time kommune

Undervisning 2.- 4. trinn
Undervisninga som blir gitt frå 2.- 4. trinn skal bygga opp til kompetansen slik den står
uttrykt i kompetansemål etter 2. og 4. trinn i LK20. Opplæringa skal vera i tråd med
ressursane som det blir vist til på Udir si side. https://www.udir.no/lk20/kro01-05

Kompetansemåla knytt til symjing på 2. trinn:

Kompetansemålet knytt til symjing på 4. trinn:

  • Vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, og
    undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt
    (imens flyte på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg), så symje 100 meter på
    rygg og ta seg opp på land.

Byrjaropplæringa skal leggje til rette for at elevane øver på punkt 1- 6 i tråd med innhald på
svømmedyktig.no. Opplæringa fram til og med 4. trinn skal leggja til rette for at elevane skal
kunna meistra punkt 1-7 i den obligatoriske ferdigheitsprøven.

https://svommedyktig.no/ Denne blir brukt
for å vurdera om elevane er symjedyktige, og har nådd kompetansemålet etter 4. trinn.

Elevar frå 5. trinn og oppover skal kunne vera symjedyktige, berga seg sjølve og andre i tråd med obligatorisk ferdigheitsprøve på 4. trinn. Dersom elevane etter 4. trinn ikkje klarer obligatorisk ferdigheitstest, kan dei vera på djupna om dei meistrar eit forenkla nivå av
Selungen.

For å kunne ivareta tryggleiken til den enkelte eleven og elevgruppa, og for å øva opp
ferdigheitene til nivået som ligg i den obligatoriske ferdigheitsprøven på 4. trinn, må elevane
i Timeskulen kunne følgjande for å vera på djupna: utføre knestup, symje 12,5 meter, snu,
symje 2-3 meter, leggje seg på rygg, flyte i 30 sek, symje vidare på rygg til der ein starta og
koma seg opp på kanten. Nivået er ei forenkla utgåve av Selungen som ligg på Norsk
Svømmeskole sine sider: https://www.tryggivann.no/

Det er laga ein lokal film som viser den forenkla utgåva av Selungen og ulike flyteteknikkar.
Krava som blir vist i filmen viser ikkje kva det vil seia å vera symjedyktig, som er å meistra
punkt 1-7 i den obligatoriske ferdigheitsprøven.