Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
FAU - foreldreutval

FAU – Foreldrerådets arbeidsutval

Du kan kontakte FAU på denne adressa: fau.undheimskule@gmail.com 

FAU består av sju valde foreldrerepresentantar, ein frå kvart trinn. Rektor deltek med saker og informasjon frå skulen. Arbeidsutvalet held jamnlege møter i løpet av skuleåret. FAU er hjemlet i opplæringslova §11-4. «FAU skal representera alle foreldra ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.»

Det å vere FAU-representant og foreldrekontakt er som å vere eit verneombod for elevane. Foreldre er ein ressurs for skulen, og andre har noko å lære av dine synspunkt og meiningar.

 

 Kva gjer FAU på Undheim skule?

  • FAU skal jobbe for eit trygt og godt læringsmiljø. Trivsel er viktig for barn si læring 
  • FAU skal medverke til at foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt miljø på skulen
  • FAU skal fremje fellesinteressene til foreldra 
  • FAU er med og hjelpe til med sosiale tiltak for elevane. FAU er med å arrangere julefest og grilling på aktivitetsdag.
  • FAU kan halde samlingar for foreldre og lærarar 
  • FAU skal vere ein informasjonskanal ut til alle føresette 
  • FAU er eit høyringsorgan for skulen 
  • FAU skal delta i Kommunalt Foreldreutval (KFU)    
  • FAU skal samarbeide med både elevråd, skulen si leiing og tilsette. FAU kan også ha kontakt med lag, organisasjonar og næringsliv i nærmiljøet.

 

Fau representantar ved Undheim skule 2023-2024 - sjå vedlegg.

Handbok med retningslinjer for klassekontaktar og FAU-representantar ved Undheim skule. Sjå vedlegg.