Då har me jammen hatt elevar her på skulen snart ei veke! Litt oppstartsutfordringar har det vore også i år, men vi håpar at det vil gå seg til etterkvart.
Heimesida vår treng ei opprydding. Vi har starta på arbeidet og håpar å få det ferdig i løpet av 2-3 veker.
Fotografering: onsdag 7. September. Då tek ein klassebilder og enkeltbilder. (Ein tek ikkje SFO og søskenbilder)
Foreldremøte:
* Småtrinnet: 6. September -1. og 2. kl kl. 18.00. Felles kl. 18.45 og 3. og 4. klasse ca. 19.15.
* Mellomtrinnet: 12. september kl. 18.00 Felles. I klassane etterpå.
Det ligg framleis litt igjengløymte klede i hovudinngangen. Kom innom om du saknar noko.
Ta gjerne kontakt med kontaktlærar eller ein av oss i administrasjonen om det er noko.
mvh Anne Gunn