Meny
HER FINN DU TRINNA Framside
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Anne Gunn Feed Jakobsen
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
mar
28
2024
Skjærtorsdag
Heile dagen
mar
29
2024
Langfredag
Heile dagen
mar
30
2024
Påskeaften
Heile dagen
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Elevpermisjonar og fråver

Eit skuleår er bare 190 dagar. Me ber om at ferieturar ikkje vert lagt til desse dagane.

Skulle det likevel vere behov for permisjon må det søkast om dette i god tid.

Det er kommunen som, formelt sett etter loven, er gitt myndighet til å innvilge permisjon. I praksis er det ofte delegert til rektor. Det er kun permisjon lenger enn 2 dagar som skal godkjennast av rektor. Søknad om kortvarig fråver (2 dagar) er overlatt til kontaktlærar.

Søknad om permisjon skjer digitalt via Visma Flyt Skole. Når de har logga inn med ID-porten finn de ein link til "Søknadar". De vel permisjonssøknad og legg inn årsak til permisjon og tidsrom. Viss de har dokumentasjon for fråveret, kan de laste dette opp som vedlegg. Meir informasjon finn de i "Mal; korleis søke permisjon" til høgre i margen.  

Ved permisjon pliktar dei føresette seg å setje seg inn Opplæringslova §2-11:  

Opplæringslova § 2-11 regulerer elevpermisjonar:

"Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil 2 veker. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute."

Paragrafen må sjåast i samanheng med § 2-1 som omhandlar rett og plikt til grunnskoleopplæring: Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ei offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikta kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.

Permisjon er ikkje ein rett for den enkelte. Ved permisjon fråskriv eleven (eller foreldre/føresette på eleven sine vegne) seg retten til offentleg grunnskoleopplæring for ein periode tilsvarende lengda av fråværet."

Ved søknad om permisjon vurderer rektor om det er forsvarleg i forhold til eleven si opplæring. Det vert vurdert om opplæring vert gitt i tidsrommet, har eleven hatt permisjon tidlegare, eleven sitt faglege nivå og om kva utbytte eleven får av intellektuelle og kulturelle opplevingar i permisjonstida. 

Ugyldig fråvær

Viss føresette tek ein elev ut av skulen utan å ha søkt om permisjon, eller utan å ha fått godkjent søknad om permisjon, vil eleven få registrert ugyldig fråvær.